Vi beklagar at alt ikkje er på plass enno....

Tekniske utfordringar gjer at du dessverre ikkje får opp telefonnummer når du søker etter tilsette i Bjørnafjorden kommune, berre e-postadresse. Ring sentralbordet på 56 57 50 00 for å bli sett over.
Nokre av søknadsskjemaa er heller ikkje på plass enno. Vi beklagar, og jobbar så raskt vi kan for å få alt til å fungere som det skal. Hastar det? Send ein e-post 

Periodevis stengt for biltrafikk ved Landboden frå torsdag 16. januar

Klikk for stort bileteIllustrasjonen viser arbeidsområdet, Landboden nr. 51 til nr. 67. Stoltz Frå og med torsdag 16. januar og 4-5 veker framover vil vi grave i vegen langs Landboden i samband med bygginga av Os Aktiv.

Vi skal legge høgspentkablar til ny nettstasjon for Os Aktiv og kople bygget til vatn- og avløpssystemet. Arbeidet vil gå føre seg frå Landboden nummer 51 til 67.
Gravearbeidet betyr at det til tider vil vere vanskeleg å kome seg fram i dette området med bil.
Fotgjengarar og syklistar kan passere, men dersom du kan ta ein annan veg til målet ditt, anbefalar vi at du gjer det.

I hovudsak vil vegen vere stengt for biltrafikk i èi retning. Følg skiltplanen på illustrasjonen over. I periodar vil vegen vere heilt stengt for biltrafikk i opptil 15 minutt. Ved utrykking kan vegen opnast med ein gong.

Til toppen