Rekneskapsresultatet for Os kommune 2019 er klart

Klikk for stort bilete Fransisco Munoz / Os kommune Driftsrekneskapen i det siste året for Os kommune viser eit rekneskapsmessig mindreforbruk (overskot) på 65,2 mill. kr.

Dette er det beste resultatet i Os kommune nokon gong. Det gode resultatet skuldast i første rekke god avkastning på finansporteføljen og auka skatteutjamningsmidlar. Midlar frå premiefondet i KLP (pensjon) er også med på å dra resultatet opp.

Netto driftsresultat er på kr 81,8 mill. kr, tilsvarande ein resultatgrad på 4,63 %. Staten si forventning til kommunane er ein resultatgrad på 1,75 %. Netto driftsresultat er likevel svakare enn dei to føregåande åra.  

Det er gjort rekneskapsmessige avsetningar på 148,3 mill. kr, men samstundes brukt 131,6 mill. kr av tidlegare års avsetningar.

Investeringsrekneskapen er gjort opp i balanse (null).

For ordens skuld gjer vi merksam på at rekneskapen ikkje er revidert.

Til toppen