Treng du nokon å snakke med?

Er du engsteleg eller bekymra? 
Slit du med einsemd og vanskelege tankar? Ring Bjørnafjorden kommune sin støttetelefon på 906 50 885 eller chat med oss

Har du spørsmål om korona?
Ring smitteverntelefonen vår på 56 57 57 57 eller send e-post til smittevern@bjornafjorden.kommune.no

Er du sjuk og treng legehjelp?
Kontakt fastlegen din. Har du behov for akutt helsehjelp og ikkje får kontakt med fastlegen, ring legevaktsentralen 116117

Informasjon om koronavirus-situasjonen i Bjørnafjorden finn du på bjornafjorden.kommune.no/koronavirus

På helsenorge.no finn du oppdatert informasjon, fakta, råd og tiltak. Read advice and information in English about the coronavirus COVID-19


Oversikt over kommunale tenester og tilbod i Bjørnafjorden i koronaperioden

 

Samfunnet treng deg – oppdater CVen din

Klikk for stort bileteSamstundes som vi er midt oppe i ei dramatisk krise på arbeidsmarknaden, finst det mange ledige jobbar som må fyllast. Difor ber NAV alle arbeidssøkande om å halde CVen sin oppdatert.

- Det er paradoksalt nok mangel på arbeidskraft innan fleire viktige samfunnsområde, fortel Jan Vidar Dammen-Hjelmeseth, leiar NAV region Midthordland og NAV Bjørnafjorden.

  • Daglegvarehandelen treng kassapersonell, varepåfylling og lagerhandtering.
  • Transport av matvarer og drivstoff er samfunnskritisk. Her trengst sjåførar, lagermedarbeidarar og truckførarar.
  • Næringsmiddelindustrien treng mange ulike operatørar i sine produksjonsliner.

Dette er vitale samfunnsfunksjonar som alt no manglar mange medarbeidarar som følgje av pandemien. NAV har eit ansvar for å hjelpe til å finne naudsynt arbeidskraft til ledige stillingar, og som arbeidsledig kan du vere med å løyse denne utfordringa.

Vi treng CV-en din no

- Dette er ein god sjanse for deg som er arbeidsledig eller permittert, men vi må vite kva du kan og kva du ønskjer, seier Dammen-Hjelmeseth. Difor må du fylle ut ein kort CV når du registrerer deg hjå oss som arbeidsledig eller permittert, slik at opplysningane blir tilgjengelege i den nasjonale hovudbasen for å kople arbeidssøkande og bedrifter: www.arbeidsplassen.no.

Diverre hoppar mange over dette steget når dei registrerer seg hos NAV.
- Konsekvensen er at du kan gå glipp av jobbtilbod, fordi arbeidsgivaren ikkje finn deg. Dersom du er permittert, håpar vi at du skal tilbake til jobben din. I mellomtida kan du bidra til å løyse viktige samfunnsfunksjonar i ei midlertidig stilling ein annan stad, seier Dammen-Hjelmeseth.

Hugs at du kan oppdatere CV-en din fortløpande, også etter at du har registrert deg hos NAV.

Til toppen