Siste helg for Bunadbonanza! Velkommen til Den store bunadsdagen, laurdag 4. januar

Klikk for stort bilete Erik Ask, Os fotoklubb Over 3000 har besøkt utstillinga Bunadbonanza! Ei feiring av bunadane i Bjørnafjorden i Griegsamlingen i Oseana kunst- og kultursenter sidan opninga 2. november. 

No går utstillinga inn i si siste helg, og markerer Den store bunadsdagen klokka 13 til 16 på laurdag 4. januar.
Ta med deg spørsmål eller draktdelar til registrering, og få rettleiing i val til bunad av kunnige representantar frå husflidslaga i Os og Fusa. Eller berre stikk innom for å snakke bunad og sjå utstillinga før all prakten blir pakka ned for denne gong. Siste sjanse til å sjå utstillinga er søndag 5. januar.

Du er hjarteleg velkommen!

Til toppen