Sjå femteklassingane sine flotte 17. maiteikningar!

Klikk for stort bileteTeikna av Alexandra, Søre Øyane barneskule17. mai-komiteen inviterte for nokre veker sidan alle skulane i Bjørnafjorden til å la femteklassingane lage 17. mai-teikningar til kommunen sitt digitale galleri. Imponerande mange skular sende inn teikningar midt i heimeskuletida! Tusen takk til alle elevar som har teikna, foreldre som har avfotografert og sendt teikningane til skulen, og lærarar som har samla inn og organisert. Bra jobba i alle ledd! 
 

Vi har fått inn ei flott blanding av store og små kunstverk. Femteklassingane (og nokon frå 3. og 4. trinn) har teikna alt frå rein 17. mai-begeistring med tog, is, flagg og masse folk, til fornuftige påminningar om å halde avstand også på 17. mai, og trøystande forsikringar om at alt blir bra. Her kan du bla deg gjennom alle dei flotte teikningane
Vi ønskjer dykk alle ei herleg 17. mai-feiring med masse is og godt humør! 

Til toppen