Smittesporing: Var du på Kiwi Idrettsvegen i perioden torsdag-laurdag sist veke?

Klikk for stort bileteI samband med smittesporing, oppmodar vi personar som har vore på Kiwi Idrettsvegen i perioden torsdag 10. september - laurdag 13. september om å vere ekstra merksame på symptom på koronasmitte.

Smittesporinga har samanheng med smittetilfella vi melde om tidlegare i dag, onsdag 16. september.

Dei smitta har vore på jobb i perioden dei kan ha vore smitteførande, og vi ber difor alle som har vore på Kiwi Idrettsvegen i det aktuelle tidsrommet om å ta symptom på alvor.

- Dersom du er frisk, kan du halde fram som vanleg. Men dersom du får symptom på luftvegsinfeksjon, skal du ha låg terskel for å gå i karantene og teste deg for korona. Dei fleste får symptom 3-7 dagar etter smitte, seier assisterande kommuneoverlege, Jonas Nordvik Dale. 

Slik bestiller du koronatest.

Til toppen