Søk om tilskot til integrering og inkludering

Klikk for stort bileteVestland fylkeskommune lyser ut tre tilskotsordningar som har som formål å auke arbeids- og samfunnsdeltakinga blant innvandrarar. Kommunar, private verksemder og frivillige organisasjonar kan søkje. Søknadsfrist er 15. mars 2020.

1. Tilskot til etableraropplæring for innvandrarar

Etableraropplæring skal gi kunnskap om korleis du kan starte di eiga bedrift.
Kven kan søkje? Kommunar, fylkeskommune, offentlege og private verksemder, i tillegg til frivillige organisasjonar,  Samla tilskotspott er på 618 000 kr.

Les meir og søk om dette tilskotet på fylkeskommunen sine nettsider.

2. Tilskot til mentor- og traineeordningar for personar med innvandrarbakgrunn

Mentor- og traineeordning skal gi moglegheiter for høgt utdanna innvandrarar til å etablere nettverk og få jobb gjennom til dømes mentor- eller traineeprogram.
Kven kan søkje? Kommunar, offentlege og private verksemder og frivillige organisasjonar. Samla tilskotspott er på 1 mill. kr.

Les meir og søk om dette tilskotet på fylkeskommune sine nettsider.

3. Tilskot til inkludering og mangfald

Tilskot til inkludering og mangfald skal bidra til å motverke utanforskap, og stimulere til variasjon og mangfald i tilbod og aktivitetar.
Kven kan søkje? Frivillige organisasjonar med demokratisk oppbygging, institusjonar som arbeider innan inkludering og mangfald på regionalt nivå og har store deler av Vestland som sitt arbeidsområde. Samla tilskotspott er på 1,3 mill. kr.

Les meir og søk om dette tilskotet på fylkeskommune sine nettsider.

 

Til toppen