Spørjeundersøking: Korleis kan vi gjere Osøyro meir aldersvennleg?

Klikk for stort bilete LÈVA Urban design Vi ønskjer eit meir aldersvennleg samfunn. For å få det til, treng vi kunnskap om kor og korleis seniorar nyttar ulike område i kommunen i dag. Kva er bra? Kva kan bli betre?

Er du 60 +? Di innsikt kan gjere Bjørnafjorden kommune til eit meir aldersvennleg samfunn. Ta den digitale undersøkinga og hjelp oss i kartlegginga!
Gå til undersøkinga

Ønskjer du hjelp til å svare på undersøkinga?

LÉVA Urban design og Bjørnafjorden eldreråd står klare til å hjelpe og svare på spørsmål på Os eldresenter, måndag 17 februar mellom klokka 10
og 13. Ta gjerne med smarttelefon, nettbrett eller bærbar PC, om du har.

Klikk for stort bilete LÈVA Urban design Bakgrunn: Kva er seniortråkk?

Bjørnafjorden kommune ønskjer å legge til rette for eit meir aldersvennleg lokalsamfunn. For å få det til, treng vi kunnskap. Måten vi hentar inn denne kunnskapen på blir kalla Seniortråkk - og er ein kartleggingsmetode som gir innsikt i målgruppa sine behov og ønske for definerte område i nærmiljøet. Resultata frå undersøkinga og seniortråkket vil vere viktig kunnskap for kommunen i arbeidet med å utvikle eit meir aldersvennleg samfunn. Vi vil invitere til ein presentasjon av resultata når dei er klare.

Kan vi få intervjue deg?

Den digitale undersøkinga er ein av fleire metodar vi brukar i dette arbeidet. Vi vil òg gjennomføre intervju kor vi kan gå meir i djupna på ulike tema som heng saman med ei aldersvennleg samfunnsutvikling. Har du tankar og meiningar om dette? Då vil vi gjerne snakke med deg. Send ein e-post med namn, e-postadresse og telefonnummer og litt om deg sjølv (alder, kor du bur) til denne e-postadressa, så tar vi kontakt med deg.

 

Til toppen