Støttetelefonen og -chatten på vent inntil vidare

Klikk for stort bileteDen lokale støttetelefonen og -chatten for Bjørnafjorden kommune blei oppretta 24. mars som eit hjelpetilbod til innbyggarane våre. Tilbodet har vore lite brukt, og blir no avvikla inntil vidare.

- Eg er glad vi fekk opp dette tilbodet i den første, uoversiktlege fasen av koronautbrotet, slik at dei som hadde behov kunne ta kontakt, spesielt i den ekstra stille påskeveka, seier ordførar Trine Lindborg, som var ein av dei som ivra for å få i stand ein lokal støttetelefon.

- Telefonen og chatten har vore lite brukt, kanskje fordi det er mange gode nasjonale tilbod. Vi ser at dei dyktige fagfolka frå helse- og oppvekstområdet som har bemanna telefonen, no trengs meir i dei vanlege jobbane sine. Difor avviklar vi den lokale støttetelefonen og -chatten inntil vidare. Dersom situasjonen og behovet skulle endre seg, har vi folka, systema og rutinane på plass og kan opne tilbodet på nytt i løpet av kort tid, seier Lindborg.

Nasjonale støttetelefonar/-chattar

Treng du nokon å snakke med? Det er mange som vil lytte.

Kirkens SOS 

Ring 22 40 00 40

Du kan chatte anonymt med Kirkens SOS på www.soschat.no kvar dag frå 18.30-22.30 (fredag fram til 01.30)
Du kan også skrive ei SOS-melding via www.kirkens-sos.no. Du kan vere anonym og du får svar innan 24 timar.

Alarmtelefonen for barn og unge

Ring 116111 (døgnope)

Mental Helse sin hjelpetelefon

Ring 116 123 (døgnope)
Ringer du hjelpetelefonen og tastar 2, kjem du til Foreldresupport

Chat-teneste og skriveteneste: sidetmedord.no

Vald- og overgrepslinja

Ring 116006 (døgnope)

Her kan du sjå ei oversikt over fleire tilbod om du ønskjer å snakke med nokon 

Hjelp til handling og annan praktisk hjelp

Er du isolert i heimen eller i heimekarantene, utan moglegheit til å få andre til å levere mat eller medisinar til deg eller familien din på ein trygg måte? Mange frivillige har registrert seg og er klare til å hjelpe! Bjørnafjorden kommune koordinerer frivillig innsats i gruppa Koronahjelp i Bjørnafjorden.
Her kan du melde inn kva du treng hjelp til.  

Du kan òg ringe kommunen for praktisk hjelp til småoppdrag som for eksempel handling: 

    • Os-sida: Ring 916 72 910
    • Fusa-sida: Ring 56 58 01 14

       

      Til toppen