Symptom: Når kan vi eigentleg gå i barnehagen, på skulen og på jobb?

Klikk for stort bilete Folkehelseinstituttet Forvirra? Her er ein rettleiar frå kommuneoverlegen vår.

Dette gjeld for alle

Alle, både barn, ungdom og vaksne, skal halde seg heime og bestille koronatest ved nyoppstått feber, hoste og tung pust utan kjent årsak. 
Ved bekrefta koronainfeksjon skal ein halde seg i heimeisolasjon i minst 3 døgn etter at symptoma har gått over, og minst 8 døgn etter at ein først fekk symptom.

Dette gjeld for barn i barnehage og barneskule

Ved nyleg oppståtte symptom på luftvegsinfeksjon utan kjent årsak skal du i utgangspunktet halde barnet heime. Du kan sjå an forma nokre dagar før eventuell koronatest. Dersom barnet blir betre i løpet av eit par dagar og allmenntilstanden er god, kan barnet gå tilbake i barnehagen/barneskulen utan testing, og trass i rennande nase eller sporadisk hoste.
Dersom barnet i utgangspunktet berre har rennande/tett nase eller nys, men elles har god allmenntilstand, kan barnet gå i barnehagen/på skulen. 

Dersom barnet har feber, dårleg allmenntilstand og er tungpusta, ta kontakt med fastlegen eller legevakta. Dette gjeld spesielt om barnet er under to år og særleg for barn 0-6 månader.

Barn: Når skal du halde barnet heime og når er koronatest nødvendig?
Symptom på luftvegsinfeksjon Halde barnet heime? Teste for korona?
Feber Ja Ja
Hoste Ja Ja
Tungpusta Ja Ja
Hovudpine Ja Sjå an eit par dagar
Slapp Ja Sjå an eit par dagar
Nedsett lukte- og/eller smakssans Ja Sjå an eit par dagar
Muskelverk Ja Sjå an eit par dagar
Sår hals Ja Sjå an eit par dagar
Rennande eller tett nase Nei Nei
Nysing Nei Nei

Dette gjeld for vaksne og ungdom (frå ungdomsskulealder)

Ved nyleg oppståtte symptom på luftvegsinfeksjon utan kjent årsak, skal du halde deg heime og bestille koronatest.
Ved negativt prøvesvar og god allmenntilstand, kan du gå tilbake på jobb/skule, sjølv om du har lette restsymptom som rennande nase eller sporadisk hoste.

Sjå også

Til toppen