Tilbake til (litt meir) normal barnehagekvardag i dei kommunale barnehagane frå neste veke

Klikk for stort bileteBjørnefjorden kommune har beslutta at frå neste veke (veke 20) skal opningstida vere kl. 07.30-16.00 i dei kommunale barnehagane.

Det er varsla revidert nasjonal smittevernrettleiar til barnehagane frå Utdanningsdirektoratet 8. mai, og denne blir førande for barnehagetilbodet frå veke 21.

Leiinga på Oppvekst-området i Bjørnafjorden har samarbeidd med smittevernoverlegen for å finne gode løysingar for smitteverntiltak og gradvis opning av barnehagetilbodet.

Slik vil barnehagekvardagen vere organisert i dei kommunale barnehagane i veke 20

 

  • Barnehagane blir organiserte avdelingsvis. Barnegruppa blir delt i mindre grupper i kjernetida og held aktiviteten innanfor si avdeling.
  • Smittevern og hygiene vil fortsatt vere viktig. Med avdelingsvis organisering og utvida opningstid, unngår vi at barn som har lengre dag (som følgje av at foreldra er i samfunnskritiske funksjonar) går på tvers av grupper. Dette vil òg gjere eventuell smittesporing lettare.
  • For foreldre i samfunnskritiske funksjonar, vil vi igjen understreke at terskelen er høg for å nytte utvida opningstid. Så langt det er mogeleg vil vi oppmode om at du leverer/hentar innanfor ny opningstid 07.30-16.00. Vi vil takke deg for samarbeidet, og samstundes understreke er vi fortsatt er opptatt av at barn til foreldre i samfunnskritiske funksjonar skal få eit tilbod som gjer at du som mor eller far kan gjere jobben din.
  • Det er per no lite smitte både i vår kommune og i samfunnet generelt. For å sikre framleis godt smittevern skal desse tiltaka gjennomførast:
    • Kvar avdeling har faste vaksne og ei fast barnegruppe, der barna igjen blir delt i små grupper i kjernetida.
    • Avdelingane får eiga sone på uteområdet.
    • Barna skal hentast og leverast ute, så sant dette er mogleg.
    • Foreldra må melde inn tidspunkt for levering og henting av barn.
    • Færre leiker på avdelinga.
    • Mykje uteleik.
    • Meir handvask.
    • Oppretthalde vaske- og desinfeksjonsrutinar som allereie er godt innarbeidde. Fortsatt styrka reinhald av reingjeringspersonell på dagtid.
    • Ta med mat til både frukost og lunsj i pose eller matpapir (som skal kastast etter bruk). Dei tilsette ønskjer å bruke mest mogleg tid ilag med barna.
    • Det er viktig at barn og vaksne med symptom på luftvegsinfeksjon ikkje møter i barnehagen. Dette gjeld òg ved levering og henting.

Dersom det blir auka smitte i samfunnet, kan det føre til at vi må gå tilbake til redusert opningstid. Derfor er vi avhengige av at alle held fram med å ivareta gode smitteverntiltak for både barn og tilsette, slik at vi så raskt som mogleg kan kome tilbake i normal drift. Tusen takk for at du bidrar til å hindre smittespreiing!
 

Til toppen