Treffpunkt Bjørnafjorden Kreftforeningen Treffpunkt er for barn mellom 6 og 16 år som har kreftsjukdom i familien, eller som har opplevd at nokon som står dei nær er død. Kva kan vi tilby?På Treffpunkt vil barna møte andre barn i liknande situasjon som kan forstå kjensler som skuld, angst, sinne og uro. Her treffer dei trygge vaksne som har tid til å lytte, leike og dele. Samtale er sentralt på Treffpunkt, og praten skjer på barna sine primissar. Vi har også leik, spel og aktivitetar – det er lov å le og ha det gøy!Les meir om Treffpunkt i denne PP-presentasjonen (PPTX, 620 kB)Treffpunkt er eit samarbeid med Kreftforeningen. Vaksne med erfaring frå arbeid med barn og unge driftar i lag med frivillige frå Kreftforeningen.Vi har også tett samarbeid med koordinator for barn som pårørande. Tid og stadVi møtest kl. 17- 19 følgande datoar våren 2024:Måndag 12.2Måndag 11.3Måndag 8.4 Stad: Osbadet, Idrettsvegen 39PåmeldingFor meir informasjon eller påmelding, kontakt kreftkoordinator Sigbjørg Eriksson på tlf. 46 92 29 58 eller send e-post Sist endra 20.03.2024 14:15