Velkommen til digital 17. mai-feiring i Bjørnafjorden! Sjå sendinga her

Klikk for stort bilete Ivan Dyb Holmedal/Os fotoklubb Første 17. mai i Bjørnafjorden kommune blir ikkje slik vi hadde sett for oss. Vi skulle gjerne ha samla oss om tradisjonane på skuleplassar og ungdomshus, men det set smittevernreglane ein stoppar for i år. I staden inviterer Bjørnafjorden kommune til digital feiring. Det blir 17. mai-sending frå klokka 11.30 og fram til heile landet syng "Ja, vi elsker" kl 13. Liv Grete Skjelbreid og Eirik Søfteland leier oss gjennom eit program med ei smittevernvennleg blanding av innslag innspelt på førehand og gjester i studio på Oseana-altanen. Vi gler oss!  

Sjå sendinga her frå klokka 11.30 

Ordførar og presidentar i studio

11.30 opnar Os skulekorps og Os Musikkforening sendinga, som blir produsert av lokale Varde Media.   
Trine Lindborg held sin første 17. mai-tale som ordførar, og kjem på besøk i studio. Det gjer òg dei tre russepresidentane Emilie Furevik frå Fusa vidaregåande skule, Elida Sofie Kordts frå Os vidaregåande skule og Martine Pedersen frå Os gymnas. 

Det er lang tradisjon at dei eldste og dei yngste frå barneskulane Os og Kuventræ bidrar annakvart år med innslag frå scena. Elevane på Os barneskule hadde byrja øvinga før alt blei stengt i mars, og er med i sendinga på video. Første og andre trinn syng, og sjuandeklassingane Maren Hansen Eidhammer og Nora Hanken held ord for dagen.
I løpet av sendinga får vi òg høyre om 17. mai i fredsåret 1945. Dei som fortel er Marta Fossberg Sævareid, Lilly Sævareid og Hans Peder Engevik, som var 10, 11 og 12 år gamle då freden kom.   
Innimellom kjem det ferske innslag frå lokalmedia sine utsende reporterar rundt omkring i kommunen. 
Nå korpset spelar "Ja, vi elsker" klokka 13, står ein kor-kohort spreidd på Oseana-altanen som forsangarar. Då håpar vi alle bjørnafjordingar syng med!  

Dersom det kjem fleire postar i sendinga, oppdaterer vi her. 

Lokale arrangement

I tillegg til den digitale feiringa, blir desse programpostane gjennomførte:
07.00: Os musikkforening spelar frå toppen av Finnebrekka 
09.00: Kransenedlegging i Minneparken på Os. Tale ved Marie Lunde Bruarøy.
10.00: Os skulekorps og Os musikkforening spelar i hagen på Lurane. Feiring på avdelingane, Terje Søviknes held digital tale.
10.00: Digital nettandakt frå Os kyrkje, med Os mannskor. Det blir òg gudsteneste i kyrkja, med påmelding.
11.15: Kransenedlegging i Strandvik. Tale Tale ved Jeanne Boge.
11.30: Kransenedlegging ved Fusa kyrkje.Tale ved Bente Juveng Øpstad
13.00: Eikelandsfjorden_ Salutt og «Ja, vi elsker». Eikelandsfjorden musikklag speler utanfor sjukeheimen. Helsing frå 17. maikomiteen.

I fleire bygder og krinsar mobiliserte lokale komitear, korps, lag og organisasjonar raskt då regjeringa letta litt på restriksjonane. Det er mellom anna planlagt prosesjonar i båt og med bil fleire stader i kommunen, alt i tråd med gjeldande smittevernreglar. På grunn av korte fristar og løpande organisering blir ikkje slike arrangement samla i eit felles program frå kommunen i år. Følg med i lokalmedia og andre lokale kanalar!

Hugs smittervernreglane!

Anten du feirar med familie eller naboar i hagen, på ein fjelltopp eller i ei vik, hugs å halde minst ein meter avstand til dei du ikkje bur saman med, og fortsett med hyppig handvask.

Vi ønskjer alle bjørnafjordingar ei strålande 17. mai-feiring! 

Til toppen