Velkommen til open dag i Bjørnafjorden barnevernteneste!

Klikk for stort bileteKva driv eigentleg barnevernet på med?

Torsdag 16. januar kl. 9-11.30 og kl. 12-14.30

Barnevernet skal vere med på å gi barn ein trygg oppvekst. Vi som jobbar her meiner vi har verdas viktigaste og mest meiningsfylte jobb.
Samstundes er mytane om barnevernet mange.
Difor inviterer vi til ein open dag i Bjørnafjorden barnevernteneste for å gi alle som ønskjer det eit innblikk i kva vi jobbar med kvar dag.

Kom og høyr om:

  • Kva driv eigentleg ein barnevernarbeidar med?
  • Dette gjer vi når vi får ei bekymringsmelding
  • Slik går vi fram når vi skal undersøke korleis eit barn har det
  • Konsultasjonsteamet mot vald og overgrep fortel om kva dei gjer og korleis dei jobbar
  • Kva for tiltak kan vi sette i verk når eit barn eller ein familie treng hjelp?

Få med deg programmet kl. 9-11.30 eller kl. 12-14.30. Det vil òg vere tid til å stille spørsmål og få utdjupande informasjon om dei ulike temaa.

Alle er hjarteleg velkomne!

Til toppen