Vil du vere meddommar eller skjønnsmedlem? Registrer deg som kandidat!

Klikk for stort bilete wikimedia/Andreas Haldorsen Bjørnafjorden kommune oppfordrar innbyggarar til å melde seg til viktige samfunnsverv for jordskifteretten, tingretten og lagmannsretten for perioden 2021-2024. Registreringsfrist er 29. april. 

Bjørnafjorden kommune skal kvart fjerde år oppnemne meddommarar til tingretten, lagmannsretten og jordskifteretten og fremje forslag til skjønnsmedlemer som skal bli valde av fylkestinget. Meddommarane er vanlege kvinner og menn som saman med fagdommarar er med på  å ta avgjerder i rettssaker.

Er du interessert i eit slikt viktig samfunnsverv? Eller har du forslag til andre kandidatar? I samsvar med domstollova § 67 oppfordrar kommunen alle til å føreslå kandidatar. Registrer deg eller send oss forslag innan 29. april!

På domstol.no finn du informasjon om meddommerordninga og kva det vil seia å meddommar, og svar på ofte stilte spørsmål om vervet. Her finn du informasjon om kva det inneber å vere meddommar eller skjønnsmedlem i jordskifteretten.
 

Kven kan vere meddommar?

Domstollova stiller krav til kven som kan veljast. Meddommarane skal så langt mogeleg representere eit gjennomsnitt av innbyggjarane. Ved oppnemninga tar kommunen m.a. omsyn til alder, etnisk bakgrunn og kultur. For å kunne blir valt må du  

  • vere mellom 21 og 70 år når valperioden startar (skjønnsmedlemmer kan vera eldre enn 70 år).
  • ha stemmerett
  • vere norsk eller nordisk statsborgar eller vere innført i folkeregisteret som busett i Noreg dei siste tre åra. 
  • snakke og forstå norsk
  • vere lovlydig (vandel etter domstolloven §§ 70–72 blir kontrollert hos politiet).
  • kunne nytte vanlege digitale verktøy.

Nokre yrkesgrupper kan ikkje veljast som meddommarar, jf. domstollova § 71

Meddommarane sine rettar og plikter

Du kan rekne med å bli innkalt ein til tre gonger i året. Vervet som meddommar er ei samfunnsplikt. Du har møteplikt, og får du vanlegvis fri frå ordinært arbeid for å utføre vervet. For tapt arbeidsforteneste blir det gitt erstatning etter gjeldande satsar.

Forfall, fritak og sletting
Du blir oppnemnt for heile perioden 01.01.2021–31.12.2024, og kan ikkje trekke deg frå vervet før perioden er over. Reglar om forfall, informasjon om kva som skal til for å få fritak og kva som fører til sletting frå utval, finn du her.

Slik registrerer du deg  

Er du interessert i eit slikt verv? Eller er du meddommar eller skjønnsmedlem i inneverande periode, og ønskjer fortsatt å vere kandidat til perioden 2021–2024? 

Fyll ut og send inn dette skjemaet 

Har du forslag til andre kandidatar? Send e-post til post@bjornafjorden.kommune.no med namnet og helst mobilnummer til kandidaten.

Fristen for å registrere seg eller foreslå andre kandidatar er 29. april 

Har du spørsmål? Ta gjerne kontakt med Gunn Sissel Teigen mobil 40415558 eller guteig@bjornafjorden.kommune.no.

Til toppen