Kommuneoverlegen har fått meldt 5 nye smittetilfelle frå torsdag. Fire knytt til Flåten naturbarnehage, ein som nærkontakt til anna smitta.

Fire nye smittetilfelle i Bjørnafjorden kommune. Høg aktivitet på teststasjonen onsdag.

OPPDATERT kl 1230: Alle med tilknytning til Flåten Naturbarnehage. Sekvensering viser at det ikkje er eit mutert virus.

Kommuneoverlegen fekk måndag ettermiddag rapport om ytterlegare to smittetilfelle av Covid-19. Tysdag kom melding om at to av barna i Flåten naturbarnehage også er smitta.

Ei kvinne i 30-åra, tilsett i Flåten Naturbarnehage, har fått påvist covid-19.  Alle barn og tilsette i barnehagen er definert som nærkontaktar og difor satt i karantene. Dette gjeld 35 barn og 15 vaksne.  

Den lange tørkeperioden i vinter førte til lite vatn i Eikelandsosen og Holdhus vassverk.

Vi måtte difor fylle opp med vatn frå Skjelbreidvatnet fram til vêrgudane bestemte seg for å fylle opp på naturleg vis - og dette vatnet må kokast før det kan bli brukt til drikke, tannpuss og matlaging.

Kokevarselet blei oppheva for Eikelandsosen og nærliggande område i går, torsdag.
No viser vassprøvar at vi òg kan oppheve kokevarselet for Holdhus-området.


Eleven testa seg torsdag på grunn av symptom, og er nærkontakt til den smitta eleven vi melde om i går. Les meir om dette her.
Nærkontaktane er sett i karantene.


Tre personar fekk påvist covid-19 i Bjørnafjorden i går, 25. februar.

Ein elev på 9. trinn ved Nore Neset ungdomsskule har fått påvist covid-19. Som følgje av dette må 68 elevar, sju lærarar og to lærarstudentar i karantene fram til og med 6. mars.

 Sjå orientering om vidare framdrift for koronavaksinasjon i Bjørnafjorden kommune i opptak på Kommune-TV.

 

Til toppen