7. april: Eitt nytt smittetilfelle av covid-19 i Bjørnafjorden kommune

Klikk for stort bilete Ein mann i 30-åra fekk påvist covid-19 i går, onsdag. 

Smittevegen er ukjend. 

Var du på apoteket på Fjord'n senter på laurdag?

Vedkomande var ved Vitus apotek Fusa på Fjord'n senter i smittsam fase, laurdag 3. april.

- Apoteket har svært gode smittevernrutinar, så risikoen for smitte er låg. I samråd med apoteket, ber vi likevel dei som var innom på laurdag om å følgje ekstra godt med på eventuelle symptom og ha låg terskel for å teste seg, seier kommuneoverlege Klaus Melf.

Slik går du fram for å teste deg 

Klikk her for å bestille time for testing

Du kan òg ringe 475 08 412 for å avtale tid for test. Telefontider: måndag til fredag kl. 8.30-11.45/12.30-15. Laurdag, søndag og heilagdagar kl. 9.15-10/11-13/14-16.30. 

Her kan du bli testa

  • Koronalegevakta i Røde Kors-huset i Kolskogheiane 8, 5200 Os. Testing alle dagar.
  • Teststasjonen i den gamle ungdomsskulen i Eikelandsosen, Brakabygda 33, 5640 Eikelandsosen. Testing måndag, onsdag og fredag. 

Du kan ikkje møte opp utan timeavtale.

Til toppen