Covid-19: Anbefalingar i Bjørnafjorden kommune i samband med smittesituasjonen i Bergen

Klikk for stort bileteDet har vore høge smittetal i Bergen over fleire veker. Bergen kommune innfører difor ei rekke lokale smitteverntiltak, som er strengare enn dei nasjonale retningslinjene.

For å hindre smittespreiing til Bjørnafjorden og dei andre nabokommunane til Bergen, anbefaler Folkehelseinstituttet (FHI) at vi innfører nokre av dei same smitteverntiltaka som Bergen. 

- Sjølv om vi har hatt ein auke i smittetilfelle dei siste vekene, er smittesituasjonen i Bjørnafjorden kommune under kontroll. Samstundes er det jo slik at vi i Bjørnafjorden har tett kontakt med Bergen, både gjennom pendling, handel, kulturarrangement og sosiale aktivitetar. Difor anbefaler vi, etter råd frå FHI, nokre av dei same tiltaka hos oss, seier ordførar i Bjørnafjorden kommune, Trine Lindborg.

Anbefalingane om smitteverntiltak gjeld frå og med 29. oktober til og med 26. november 2020. Dei nasjonale anbefalingane gjeld òg. 

Desse anbefalingane gjeld i Bjørnafjorden kommune:

  • Ikkje meir enn 5 gjester heime, i tillegg til dei du bur med. Dette er i tråd med dei nasjonale retningslinjene.
  • Maksimalt 50 deltakarar på offentlege arrangement innandørs utan fast sitteplass. For arrangement innandørs med faste sitteplassar gjeld framleis grensa på 200 personar. 
  • Bruk munnbind på kollektivtransport til og frå Bergen dersom du ikkje kan halde 1 meters avstand. I Bergen kommune er det påbode med munnbind på kollektivtransport.
  • Serveringsstader har system for registrering av gjester. 
  • Serveringsstader som serverer alkohol, slepp ikkje inn gjester eller serverer ikkje brennevin etter klokka 24. 
  • Lyden på utestader og serveringsstader er på eit slikt nivå at gjester kan halde ein samtale med 1 meters avstand.
  • For innbyggarar i Bjørnafjorden kommune som er avhengige av kollektivtransport til arbeidsstad i Bergen, anbefaler vi heimekontor, der det er praktisk mogleg og hensiktsmessig. Det same gjeld for bergensarar som har arbeidsstaden sin i Bjørnafjorden kommune.
  • Besøksrutinane ved sjukeheimane i Bjørnafjorden kommune er førebels uendra.

Hugs at du må følgje Bergen kommune sine påbod når du oppheld deg i Bergen. Dette gjeld mellom anna bruk av munnbind innandørs på offentleg stad der du ikkje kan halde 1 meters avstand. Les meir på Bergen kommune sine nettsider.

- Hald avstand til dei du ikkje bur saman med eller omgår tett til vanleg. Meteren er faktisk -  og framleis - det viktigaste og mest effektive smitteverntiltaket, oppmodar ordførar Lindborg.

Til toppen