Eigenberedskapsveka 2020

Klikk for stort bileteHar du alt du treng for å klare deg sjølv i tre døgn dersom vatn og straum blir borte? Sjølv midt i ein pandemi må vi ha tanke for at hausten gjerne kjem med meir ekstremvêr enn tidlegare. Ekstremvêr kan føre til bortfall av kritisk infrastruktur som straum, vatn og mobilnett.

Målet med eigenberedskapsveka er å auke folk sin kunnskap om eigenberedskap, slik at fleire gjer fornuftige førebuingar. Styresmaktene tilrår nemleg at alle husstandar i Noreg tek nokre enkle grep for å betre sin eigen beredskap.

DSB (Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap) har utarbeidd konkrete råd som du kan lese på sikkerhverdag.no. Her finn du blant anna forslag til eit beredskapslager for å klare deg heime i minst tre døgn (72 timar).

Kvifor eigenberedskapsråd no?

Noreg er blant verdas tryggaste og mest stabile land, og vi som bur her er vane med at det meste stort sett fungerer som det skal. Det er veldig mange tenester og funksjonar vi er avhengige av, for at det daglege livet vårt skal gå rundt utan store problem. Det har vi verkeleg fått føle på kroppen dette året.

Du er ein del av beredskapen i Noreg

Sjølv om vi lever i eit trygt land, kan uønskte hendingar oppstå også hos oss. Om vi blir ramma av ei stor hending eller krise er det mange som treng hjelp. Dersom fleire av oss er i stand til å ta vare på oss sjølve og dei rundt oss ved ei hending, kan hjelpa setjast inn der behovet er størst. På den måten er du ein del av beredskapen i Noreg!

Test deg sjølv!

Her finn du ei lita eigenberedskapsøving (PDF, 595 kB) som du kan gjennomføre i heimen. 

Til toppen