Får du SMS-varsel frå kommunen?

Klikk for stort bilete Varsling24 Når det oppstår noko med for eksempel vatnet ditt eller kloakken din, får du eit varsel på sms frå kommunen du bur i. 
Dessverre når vi ikkje alle innbyggarane våre via sms. Du kan sjølv bidra til at du får slike varsel. Det er god eigenberedskap.

Kommunen sender òg ut sms-varsel når kommunale veger er stengde og viss det er fare for liv og helse, som til dømes ved skogbrann, uvêr, overvatn og flaum. Har du fått slike varsel frå kommunen?

Får du ikkje varsel?

Dersom du ikkje får varsel, kan det vera ulike årsaker til det, for eksempel:

  • du har jobbtelefon som er registrert på arbeidsgivar
  • du har hemmeleg telefonnummer
  • du har reservert deg mot elektronisk kommunikasjon
  • du har nyleg flytta eller bur midlertidig på anna adresse

I kontakt- og reservasjonsregisteret  kan du sjekke om du kan motta varsel. Her kan du sjå kva opplysingar som er registrerte på deg eller bedrifta di. Du kan òg endre di eiga oppføring eller deaktivere varsling.

Er telefonen din registrert på arbeidsgivar? Då må du kople dette telefonnummeret til adressa di, dersom du ønsker varsling på den telefonen også.

Varsling til bedrifter

For varsling til bedrifter blir telefonnummer henta frå Enhetsregisteret. Ofte er det bedrifta sitt sentralbord som er registrert.

Vi anbefaler å legge til ekstra nummer til kontaktpersonar i bedrifta.

Til toppen