Fleire smittetilfelle knytt til byggeplass, men ingen i Bjørnafjorden kommune

Klikk for stort bilete Forskning.no Tre nye arbeidarar ved byggeplassen til Meny Industrivegen har testa positivt for covid-19.

Dei tre er busett i Bergen og Øygarden, og har vore i karantene sidan det første smittetilfellet blei påvist. Totalt er det no fire påviste smittetilfelle knytt til denne byggeplassen.

- Det er framleis ingen mistanke om at smitten har spreidd seg utanfor byggeplassen. Alle dei 99 personane som har vore innom byggeplassen i perioden 8.-15. februar, er sett i karantene og blir testa. Seks av dei som er i karantene bur i Bjørnafjorden kommune, opplyser kommuneoverlege Klaus Melf. 

Måndag 15. februar stengde byggeplassen ved Meny i Industrivegen etter at ein arbeidar testa positivt for covid-19. Det er no bekrefta at dette var den sørafrikanske varianten av koronaviruset.

Til toppen