Frå neste skuleår får skulane endra opptaksområde

Klikk for stort bilete Fransisco Munoz/Bjørnafjorden kommune Når Borgafjellet barneskule opnar hausten 2021, får nokre av elevane ved fire barneskular plass på ein annan nærskule enn der dei går i dag.   

I Bjørnafjorden kommune har vi ordninga «fritt skuleval». Det betyr at ingen elevar på Os barneskule, Kuventræ barneskule eller Lunde barneskule må byte skule dersom dei ikkje ønskjer det.

Elevar som får ny nærskule, vil få melding om skuleplass frå den skulen dei høyrer til etter dei nye opptaksområda. Alle elevar ved Hegglandsdalen barneskule får ny nærskule. Vidare gjeld dette elevar i Kuvågen-området som går på Lunde barneskule, elevar i Sollia-området som går på Kuventræ barneskule og elevar som bur «aust om elvo» og går på Os barneskule. 

Vi oppfordrar alle til å nytte seg av nærskuleretten. Elevar ved Os barneskule, Lunde barneskule og Kuventræ barneskule som får ny nærskule, men heller vil halde fram der dei går i dag, må søke før 1. desember 2020 om å behalde plassen sin. Alle søknadene vil bli innvilga. Skulane har sendt informasjon til dei det gjeld om nærskulerett og korleis søke om å gå på annan skule enn nærskulen.  (PDF, 34 kB)

Til toppen