Kommuneoverlegen informerer: Koronavaksinasjon i Bjørnafjorden veke 15

Klikk for stort bileteKommuneoverlege Klaus Melf sender ut tilbod om koronavaksine til deg som er folkeregistrert i Bjørnafjorden kommune, i prioritert rekkefølgje. Os og Fusaposten Neste veke, veke 15, vil 786 personar i prioriteringsgruppe 4 få tilbod om første dose med koronavaksine (BioNTech/Pfizer). 

Prioriteringsgruppe 4 er personar mellom 65 og 74 år, pluss personar mellom 16 og 64 år med sjukdomar eller tilstandar som gir høg risiko for alvorleg forløp.

- Dette betyr at alle som er fødde i 1949, 1950 og 1951 vil få tilbod om å ta koronavaksine neste veke. I tillegg vil vi gi vaksine til fleire yngre med høgrisikodiagnosane organtransplantasjon, alvorleg immunsvikt, aktiv kreftsjukdom, alvorlege nevro-muskulære tilstandar og kronisk nyresjukdom, seier kommuneoverlege Klaus Melf.

Vaksinering med AstraZeneca-vaksinen er stoppa, og vil ikkje bli starta opp igjen før FHI eventuelt gir klarsignal. Dette betyr at også vaksinering av kritisk helsepersonell er lagt på is. 

Tilbod om vaksine blir sendt ut på SMS.

Har du fastlege i ein annan kommune?

- Då vil du anten bli kalla inn til vaksinering av fastlegen din eller av oss i Bjørnafjorden kommune, etter avtale med fastlegen din. Du treng ikkje gjere noko. Vent på innkalling, seier kommuneoverlegen.

Kva skjer med vaksinedosen om nokon ikkje møter opp?

Nokre kommunar ber innbyggarar som kan vere tilgjengelege på 30 minutts varsel om å registrere seg på ei liste, slik at dei kan bli kalla inn dersom andre ikkje skulle møte opp til timen sin.

- Vi har ikkje ei slik "reserveliste" i Bjørnafjorden. Før kvar vaksinasjonsdag blir dei neste på lista spurde om dei kan vere standby, og det fungerer veldig bra, seier Melf.

 

Les meir om koronavaksinasjon i Bjørnafjorden kommune 

Dersom du er folkeregistrert i Bjørnafjorden kommune, treng du ikkje ta kontakt med kommunen eller fastlegen for å setje deg på venteliste til vaksinasjon.

Vi tar kontakt og gir tilbod til alle som er anbefalt å ta vaksinen - i tur og orden.

Koronavaksinasjon er gratis og frivillig.

Slik bestiller du time

Timebestilling skjer via nett (med BankID) eller per telefon. Berre dei som har fått tilbod skal bestille time.
Her kan du bestille time

Til toppen