Kommuneoverlegen informerer: Koronavaksinasjon i Bjørnafjorden veke 8

Klikk for stort bileteKommuneoverlege Klaus Melf sender ut tilbod om koronavaksine til deg som er folkeregistrert i Bjørnafjorden kommune, i prioritert rekkefølgje. Os og Fusaposten Neste veke får Bjørnafjorden kommune dei 200 første dosane av AstraZeneca-vaksinen.
Desse skal gå til helsepersonell. I tillegg vil dei som fekk første dosen av BioNTech/Pfizer-vaksinen i veke 5 (85 år+), no få den andre dosen.

Sjå ofte stilte spørsmål om koronavaksine

- Vi sender ut tilbod om vaksine til helsepersonell i løpet av denne veka. Dette skjer i prioritert rekkefølgje, fortel kommuneoverlege Klaus Melf.
- Dei som fekk første dose i veke 5, har fått informasjon om når dei skal møte for å få andre og siste dose.

Dersom du er folkeregistrert i Bjørnafjorden kommune, treng du ikkje ta kontakt med kommunen eller fastlegen for å setje deg på venteliste til vaksinasjon.

Vi tar kontakt og gir tilbod til alle som er anbefalt å ta vaksinen - i tur og orden.

Koronavaksinasjon er gratis og frivillig.
Timebestilling skjer via nett (med BankID) eller per telefon. Berre dei som har fått tilbod skal bestille time. Her kan du bestille time.

Les meir om koronavaksinasjon i Bjørnafjorden kommune

Til toppen