Koronavirus: 23. mars: Fire nye tilfelle av koronasmitte

Klikk for stort bileteDet er påvist fire nye smittetilfelle av det nye koronaviruset i Bjørnafjorden i dag, 23. mars.

Alle dei fire er i nær relasjon til andre påviste smittetilfelle. Smittevegen er kjent.
Smittevernoverlege i Bjørnafjorden kommune, Bjørn Petter Aasheim Johannesen, melder at alle fire har hatt avgrensa kontakt med andre, og at det er svært lite sannsynleg at dei kan ha smitta andre utanfor husstanden.

 

Totalt er det no påvist 11 tilfelle av det nye koronaviruset i Bjørnafjorden kommune.

Til toppen