Kva meiner vi eigentleg med kvardagsglede? Det er ikkje nokon fiks ferdig definisjon, men det handlar kort fortalt om å ha det bra i kvardagen.
Kvardagsglede handlar om dei små, enkle tinga du sjølv kan gjere i din eigen kvardag for å oppleve meistring, glede og meining. Friskliv og meistring tilbyr dette kurset som tar for seg fem viktige grep for auka kvardagsglede.
Fem grep for å skape kvardagsglede
Gjennom kurset utforskar vi korleis du kan bruke desse fem grepa for å skape kvardagsglede. I løpet av kurset vil du sette av tid til deg sjølv og til aktivitetar som gir glede. Fordi glede smitter, vil det også kunne bidra til andre si glede!
Fem grep til kvardagsgeldePraktisk informasjon
Kurset er ikkje eit terapikurs for å meistre nedstemthet eller depresjon. Det er heller ikkje eit forum for å arbeide med sorg eller tunge belastningar. Det kan likevel styrke deg i ein tung kvardag – og virke førebyggande.
Tid: Kurset går over fem torsdagar frå kl. 12.00 – 14:30
Kursdagar våren 2021: 18.mars (oppstart), 25. mars (kursdag 2), 8. april (kursdag 3), 22. april (kursdag 4), 29.april (kursdag 5)
Stad: Fjorden Arena. Stallabrotvegen 50, 5640 Eikelandsosen. Rom: Altaneset, 2 etg
Kursavgift: kr 400,- (inkl. kursbok og enkel servering)
Det er maks 10 deltakarar på kvart kurs.
Etter kvar økt får du ei liten øving til neste gang, som tar utgangspunkt i dine eigne erfaringar og refleksjonar.
Påmelding
Påmelding på Friskus.com
Du er velkommen til å kontakte Friskliv og meistring på e-post om du har spørsmål om kurset.
Sjå video om kurset Kvardagsglede