Vestland fylkeskommune
I løpet av yrkeslivet vil mange stå overfor fleire karriereval. Dette kan vere utfordrande. Karriererettleiing kan gjere deg bevisst på kva du vil, kven du er og kva du kan.
Karriere Vestland tilbyr gratis karriererettleiing til alle vaksne over 19 år i Vestland fylke.
Hos Karriere Vestland kan du
- utforske dine jobb- og utdanningsmoglegheiter
- finne ut kva som motiverer deg og kva for arbeidsoppgåver du likar og meistrer
- lære metodar for å gjere gjennomtenkte og bevisste karriereval
- kartleggje din kompetanse og dine interesser
- få innspel og informasjon om jobbsøkjarprosessen, CV/søknad og jobbintervju
Les meir på karrierevestland.no
Publisert avRagnhild Stende Bjaadal
Sist endra19.01.2021 10.57