Slik kontrollerer vi at smittevernreglane blir følgde

Klikk for stort bileteBjørnafjorden kommune har ansvar for å kontrollere at tiltaka i covid-19-forskrifta og den nye lokale forskrifta for smittevernfagleg drift ved byggeplassar blir følgde.

Tilsette ved brannførebyggande avdeling ved Bjørnafjorden brann og redning har fått ansvaret for å syte for at reglane for mellom anna innreisekarantene, isolasjon og arrangement blir etterlevde i kommunen vår, i tillegg til å utføre tilsyn (stikkprøver, uanmelde besøk) ved byggeplassar og butikkar.

Brannførebyggande avdeling får opplæring av kommuneoverlegane, slik at dei kan gi råd og rettleiing i samband med tiltaka, i tillegg til å ha fysiske tilsyn.

Tilsynsordninga blir innført i samarbeid med politiet. Akutte brot på reglane vil bli melde til politiet.

Har du tips eller bekymringsmeldingar knytt til handtering av smittevernforskrifta?
Ta kontakt på telefon 910 04 892 (kl. 12-15, måndag-fredag)

Sjå også: Informasjon om kommunenes oppgaver knyttet til tilsyn med smitteverntiltak etter covid-19-forskriften (PDF, 173 kB) (brev frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet)

Til toppen