Smittevernreglar for Bjørnafjorden kommune

Klikk for stort bileteOversikt over påbodne smitteverntiltak i Bjørnafjorden kommune i perioden 24. november-6. desember.

Tiltaka er forskriftsfesta med heimel i lov av 5. august 1994 nr. 55 om vern mot smittsomme sykdommer § 4-1 (smittevernlova).
Her kan du lese heile forskrifta

Forskrifta er vedtatt av kommunestyret i Bjørnafjorden, 23. november 2020.

Forskrifta gjeld for Bjørnafjorden kommune. Bergen og dei andre omegnskommunane har vedtatt liknande forskrifter. Forskrifta er i hovudsak den same som for perioden 7.-23. november, med nokre mindre endringar som gjeld talet på kor mange som kan vere på besøk, og ei presisering om bruk av munnbind. Sjå endringar/presiseringar i kursiv.

Smittevernreglar i Bjørnafjorden kommune:

 

Arrangement

Private samlingar

  • Forbod mot private samlingar med over 5 deltakarar, og mot samlingar der avstandskravet på 1 meter ikkje kan overhaldast. Unntak for familiar med fleire enn fem personar som bur saman. I tilfelle der alle som tilhøyrer ein husstand på fire eller fleire personar er til stades samstundes, kan husstanden likevel ha inntil to gjester.
  • Unntak òg for kohortar (grupper) for barn i barnehage og barneskule. Bestemminga omfattar ikkje barn som bur i fleire husstander. Ei privat samling/samankomst er samling i private heimar, hytter og liknande private stader, inkludert lausare arrangement innandørs og utandørs. Ved besøk må du ha oversikt over kven som har vore til stades, tid og dato. Lista skal oppbevarast forsvarleg og slettast etter 14 dagar

Arrangement på offentleg stad

  • Ved innandørs arrangement skal alle deltakarar ha faste sitteplassar. Det er ikkje lov å gjennomføre private eller offentlege arrangement på offentleg stad med fleire enn 20 deltakarar til stades samstundes. Ved gravferd kan ein vere inntil 50 personar. 

    For utandørs arrangement, følgjer Bjørnafjorden kommune dei nasjonale retningslinjene frå Folkehelseinstituttet:

    • Utandørs arrangement utan fastmonterte sete: Inntil 200 deltakarar. Dette omfattar utandørskonsertar, marknader og messer, julegrantenning osb.
    • Utandørs arrangement med fastmonterte sete: Inntil 600 deltakarar, fordelte på tre grupper på maksimalt 200 i kvar.

Talet inkluderer ikkje tilsette eller oppdragstakarar som står for gjennomføringa av arrangementet.
Sjå § 13 i Covid-19-forskrifta for definisjon på kva som er eit arrangement. Anbefalinga er å gjennomføre færrast mogleg arrangement.

  • Talet inkluderer ikkje tilsette eller oppdragstakarar som står for gjennomføringa av arrangementet. Smittevernreglar må bli følgde, og arrangøren må føre gjestelister over deltakarar. Gjestelista skal slettast etter 14 dagar.
  • Bjørnafjorden kommune gir ikkje unntak eller dispensasjonar frå bestemminga.

Kultur og idrett

Idrett og trening

  • Idrettshallar, svømmehallar og lokale for tilsvarande aktivitetar skal halde stengt. Bestemminga omfattar ikkje toppidrett. Bestemminga gjeld ikkje for organisert trening for barn og unge eller skuleundervisning til barn og unge under 20 år, under føresetnad av at sentrale myndigheter og særforbund sine krav til smittevern blir overhaldne. Arrangement som kamp, cup, turnering og liknande er ikkje tillate. Bestemminga omfattar ikkje individuell fysikalsk trening i samband med behandling.
  • Breiddeidrett der to eller fleire vaksne trener eller konkurrerer saman, er ikkje tillate. 
  • Treningssenter skal halde stengt.

Kultur

  • Bingohallar og liknande tilbod skal halde stengt.
  • Museum og liknande tilbod skal halde stengt.
  • Bibliotek stenger for aktivitetar og opphald, men utlån og innlevering vil vere mogleg. 
  • Fritidsaktivitetar innandørs, som kor- og korpsøvingar, er ikkje tillate. Bestemminga gjeld ikkje aktivitetar for barn og unge under 20 år.

Munnbind på kollektivtransport og offentleg stad

  • Det er krav til bruk av munnbind/ansiktsmaske på kollektivtransport, taxi, serveringsstader og innandørs på offentleg stad (butikkar, kjøpesenter osb.), når 1 meters avstand ikkje kan overhaldast. På kollektivtrafikk og innandørs på offentleg stad skal munnbind/ansiktsmaske brukast også når det er fare for 1-meters avstandskravet ikkje kan overhaldast. Bestemminga gjeld ikkje barn under ungdomsskulealder eller personar som av andre helsemessige årsaker ikkje kan bruke munnbind.
  • På skjenkestader, restaurantar, kafear, kantiner og andre serveringsstader, skal munnbind brukast når ein beveger seg i lokalet og avstandskravet på 1 meter ikkje kan overhaldast

Heimekontor og skule

Obligatorisk heimekontor

  • Bruk av heimekontor er påbode der dette er mogleg. Arbeidsgivar er ansvarleg for å vurdere om det er mogleg å utføre arbeidet ved heimekontor. Unntak gjeld for samfunnskritiske tenester, tenester innan psykisk helse og tenester til sårbare grupper av barn og unge. 

Barne- og ungdomsskular

  • For å skjerme barn og unge, held skulane framleis ope på gult nivå. Gult nivå inneber at sjuke skal halde seg heime, god hygiene og forsterka reinhald, inndeling i kohortar (grupper) og kontaktreduserande tiltak. Dersom det blir nødvendig, må ungdomsskulane vere førebudde på å kunne gå til raudt nivå. Les meir om kva raudt nivå inneber her.

Les òg: Symptom: Når kan vi eigentleg gå i barnehagen, på skulen og på jobb?

Vidaregåande skular

Universitet og høgskular

  • Ved universitet, fagskular og høgskular skal undervisning og eksamen gjennomførast digitalt. Bestemminga gjeld ikkje praktiske prøver og praktiske eksamenar som ikkje kan gjennomførast som heimeeksamen. Bestemminga gjeld heller ikkje klinisk undervisning eller undervisning som krev fysisk utstyr som laboratorieutstyr.

Butikkar og serveringsstader

Butikkar og kjøpesenter

  • Butikkar, kjøpesenter og liknande må syte for at det ikkje er flere til stades i lokalet enn at det er mogleg å halde 2 meters avstand. Tillate tal på kundar i lokalet blir rekna ut frå storleiken på lokalet. Det skal om nødvendig vere vakthald som syter for at kravet blir følgt.

Serveringsstader

  • Skjenkestader, restaurantar, kafear, kantiner og andre serveringsstader skal stenge seinast kl. 22, og skjenking stoppar frå kl. 21.30. Bestemminga gjeld ikkje takeaway.

  • Skjenkestader, restaurantar, kafear, kantiner og andre serveringsstader skal krevje at gjester legitimerer seg og føre lister over gjester. Gjester som ikkje legitimerer seg, skal avvisast. Skjenkestader, restaurantar, kafear, kantiner og andre serveringsstader, skal føre liste over gjester. Namn og telefonnummer, tidspunkt og dato for besøket skal registrerast. Gjester skal få informasjon om at slik registrering skjer. Dersom smittevernlegen ber om det, skal liste over gjester oversendast i tekstformat, anten i Excel, Word eller anna tekstprogram. Lista skal oppbevarast i 14 dagar og deretter slettast.

  • Gjester og tilsette skal bruke munnbind når dei beveger seg i lokalet og det er fare for at avstandskravet på 1 meter ikkje kan overhaldast. Gjester som ikkje overheld kravet om avstand til andre enn eigne nærkontaktar, kan bli bortviste. Krav om munnbind gjeld ikkje for barn under ungdomsskulealder eller personar som av medisinske eller andre årsaker ikkje kan bruke munnbind.

  • Lydnivået på stader der ein spelar musikk, skal vere på eit nivå som gjer det mogleg for gjester å snakke saman med 1 meters avstand.

  • Serveringsstader skal elles følgje nasjonale smittevernråd. Det skal vere minst 1 meter mellom gjester som ikkje er frå same husstand, og det skal vere lett tilgjengeleg handdesinfeksjonsmiddel i lokalet.

Besøksrestriksjonar på sjukeheimar og andre helseinstitusjonar

Vi anbefaler pårørande på det sterkaste om å ikkje besøke institusjonane dei neste to vekene. Vi gjer unntak i spesielle høve, ta då kontakt med avdelinga.

Nasjonale reglar og anbefalingar

Skjerpa reglar for karantene

Kollektivtrafikk

  • Unngå å reise kollektivt om du kan. Bruk munnbind når det er fare for at du ikkje kan halde 1 meters avstand.

Innanlandsreiser

  • Unngå unødvendige innanlandsreiser. Arbeidsreiser som blir vurderte som nødvendige og reiser til fritidseigedom som kan gjennomførast utan kontakt med andre, er unntatt. Hugs at det er ekstra viktig at du følgjer smittevernråda når du er på reise, sidan du då er i kontakt med fleire miljø enn elles.

Utanlandsreiser

  • Det er krav om at reisande frå raude land må framvise negativ covid-19-test når dei kjem til Noreg. Testen må vere tatt under 72 timar før innreisa. Kravet gjeld ikkje for nordmenn, personar som har bustad i Noreg eller personar i transitt. Det gjeld heller ikkje personar som jamleg kjem til Noreg frå Sverige og Finland for å jobbe. Kravet omfattar helsepersonell som pendlar til Noreg og har vore utanfor landet i meir enn sju dagar. Personell i kritiske samfunnsfunksjonar kan unntas når det er nødvendig for å unngå fare for liv og helse. Meir om reglane på regjeringen.no.
  • Unngå alle unødvendige reiser til utlandet. Kjem du frå land eller område som har for høg smittespreiing (rad og radskravert status), skal du rett i karantene i 10 døgn. Følg status på kartet til Folkehelsehelseinstituttet (raude og skraverte land) og UD sin reiseinformasjon
  • Karantenehotell ved innreise: Alle som skal gjennomføre innreisekarantene, skal gjere det på karantenehotell, også norske statsborgarar. Unntak: dei som er busett eller eig bustad i Noreg, og oppheld seg i den bustaden, og folk som er i Noreg for å gjere eit arbeid der arbeids- eller oppdragsgivar har sytt for ein eigna opphaldsstad med einerom i karantenetida.

    Scandic Kokstad er karantenehotell for bergensregionen. Eigenandel for hotell: 500,- per døgn for privatpersonar, 1500,- per døgn for arbeidsgivarar. Bebuarar på karantenehotell får tilbod om å teste seg, men karantenetida blir ikkje forkorta sjølv om ein testar negativt.   

- Ver saman med så få som mogleg dei neste to vekene

- Vi redusere talet på møtepunkt og talet på folk på desse møtepunkta, seier ordførar Trine Lindborg (Ap).
- Dette er tøffe tiltak som grip kraftig inn i kvardagen vår. Men smittetrykket er svært høgt i vår region, og Bergen kommune melder om stadig fleire smittetilfelle utan kjent smitteveg. Det betyr at det berre ville vere eit tidsspørsmål før vi kunne vente det same i vår kommune. Vi kan ikkje sitte og sjå på at det skjer. Difor innfører vi desse tiltaka, for å hindre ei slik dramatisk utvikling i Bjørnafjorden. Vi gjer dette for å skjerme eldre, sårbare grupper og helsevesenet vårt, seier Lindborg.

Politisk og administrativ leiing i BergenAlver, Askøy, Bjørnafjorden, Osterøy, Samnanger, Vaksdal og Øygarden kommunar har samarbeida tett for å innføre målretta, tydelege og like tiltak i heile regionen.

Lurer du på noko?

Sjå spørsmål og svar om dei nye smittevernreglane

Hald deg mest mogleg heime dei neste vekene. Om vi alle gjer det - beheld vi kontrollen over smitten

Klikk for stort bilete Helse- og omsorgsdepartementet Dei andre tiltaka er dei same som før:

  • Hald meteren.
  • Hald hendene reine.
  • Hald deg heime når du er sjuk.
  • Hald nede talet på menneske du møter.

Hald ut – dette klarer vi saman!

Til toppen