Ta vare på kvarandre og eiga helse!

Klikk for stort bileteNyttig hugselapp frå nasjonalforeningen for folkehelsen. Nasjonalforeningen for folkehelsen Det kan vera forvirrande å følgja med på alle tilrådingane som kjem frå nasjonalt og lokalt hald for tida. Kommuneoverlege i Bjørnafjorden kommune, Klaus Melf, minner om at dei aller viktigaste smittevernråda framleis er:

  • Hald avstand
  • Hugs meteren
  • Vask hendene
  • Hald deg heime dersom du er sjuk.

Men kor lang er ein meter? Helseminister Bent Høie viser deg det i denne videoen

Kommuneoverlegen avsluttar Eigenberedskapsveka 2020 med å understreka at det er viktig å leva så normalt og godt som mogleg i koronatida, sjølv om vi skal leva etter smittevernråda.

Klikk for stort bileteKommuneoverlege Klaus Melf. Os og Fusaposten

- Ta vare på kvarandre og på eiga helse, oppfordrar Klaus Melf. - Og bruk gjerne hugselappen frå Nasjonalforeningen for folkehelsen. God helg!

Til toppen