Statsforvalteren i Vestland har tildelt Bjørnafjorden kommune midlar gjennom ordninga "Tilskot til aktivitetstiltak for å motvirke einsem for eldre". Midlane skal brukast til trygg transport for eldre.
Transport kan vere ein flaskehals
Transport til og frå sosiale møteplassar og kulturaktivitet er ofte ein «flaskehals» for mange eldre. Behovet for tilpassa og trygg transport i tid med Covid-19 har auka sterkt. Vi vil tilby trygg skyss i taxi, der alle smittevernreglar blir ivaretekne ved å bruke Fusa taxi og Os taxi.
Kven kan søke
Frivillige organisasjonar kan søke kommunen om midlar til å dekke taxi for eldre som treng det for delta i laget sin aktivitet. Midlane er til aldersgruppa 65+.
Gå til elektronisk søknadsskjema
Vilkår for å søke
- Laget/organisasjonen må ha organisasjonsnummer.
- Laget/organisasjonen kan søke om inntil kr 10.000,-.
- Laget/organisasjonen avtaler fakturering av reisene med taxiselskap, og oppbevarer bilag som dokumentasjon.
- Søknader blir behandla fortløpande inntil midlane er delt ut.
- Enkeltpersonar kan ikkje søke, men enkeltpersonen kan ta kontakt med laget som har aktiviteten, som då søker.
- Enkel rapportering innan november 2021.
Du finn alle fritidstilbod i aktivitetsportalen Friskus
Koordinering av prosjektet
Tverrfagleg arbeidsgruppe for Trygg transport består av representant frå eldreråd, demenskoordinator, folkeakademi, frivilligsentral og er organisert av kultureininga i Bjørnafjorden kommune.