Velkommen til kurs i data- og mobilbruk for deg som er 70+

Klikk for stort bileteUnge er gode på data og mobil. Dei er oppvaksne med denne teknologien og har han i fingrane. Men vi lærer så lenge vi lever!
No har du som er 70+ sjansen til å gå på kurs, der elevar frå helsefagarbeidarlinja ved Os vidaregåande skule lærer deg om bruk av data, mobil og velferdsteknologi. Det blir kurs både i vår og til hausten.

Undervisninga vil skje éin-til-éin i ditt eige tempo.

Dette møtet på tvers av generasjonar er inspirerande og lærerikt for alle. Også for deg som har levd ei tid og
føler du kan slite med å hengje med.

Du får opplæring i følgande:

• Bruk av smarttelefon og nettbrett.
• Korleis vi kommuniserer med bruk av smarttelefon (Facetime,
Skype eller Hangout)
• Korleis du brukar nettsidene helsenorge.no
• Kva finst innan velferdsteknologi?
• Enkel demonstrasjon av smarthusteknologi i leiligheita Framsyn på Os vidaregåande skule

Kursdatoar vår 2021

Framsynt kursdatoar vår 2021
Kurs Dag 1 Dag 2 Tid begge dagar Stad
Framsynt kurs 1 8. mars 10. mars 10-14 Os vidaregåande skule
Framsynt kurs 2 15. mars 17. mars 10-14 Os vidaregåande skule
Framsynt kurs 3 22. mars 24. mars 10-14 Os vidaregåande skule

Kursdatoar haust 2021

Framsynt kursdatoar haust 2021
Kurs Dag 1 Dag 2 Tid begge dagar Stad
Framsynt kurs 4 20 . september 22. september 10-14 Os vidaregåande skule
Framsynt kurs 5 11. oktober 13. oktober 10-14 Os vidaregåande skule
Framsynt kurs 6 18. oktober 20. oktober 10-14 Os vidaregaånde skule

Praktisk informasjon

  • Stad: Os vidaregåande skule. Møt opp ved hovudinngangen i A-blokka.
  • Tid: klokka 10-14. Kurset går over to dagar. Du treng ingen forkunnskapar
  • Pris: Kurset er gratis
  • Lunsj blir servert

Meld frå om du har behov for transport til og frå heimen. Vi kan hjelpe deg.

Smittevern

Kurset blir gjennomført etter gjeldande retningslinjer for smittevern.
Endringar/avlysing kan skje.

Slik melder du deg på

Ring leiar i Bjørnafjorden eldreråd, Bjørn Sivertsen, på telefon 913 83 884

Kurset blir arrangert av eldrerådet i samarbeid med kultureininga i Bjørnafjorden kommune
og Os vidaregåande skule, med støtte frå E-helse Vestland.

Til toppen