- Vi må førebu oss på at smitteverntiltaka vil bli forlenga

Klikk for stort bilete Folkehelseinstituttet På grunn av det høge smittepresset i heile bergensregionen, innførte Bjørnafjorden kommune 7. november ei rekke lokale, forskriftsfesta smitteverntiltak.
Forskrift om smitteverntiltak gjeld i utgangspunktet til og med måndag 23. november.

- Dette er ein felles dugnad for å slå ned smitten i heile bergensregionen. Vi ser heldigvis at tiltaka begynner å virke - og at det er summen av tiltaka som gir effekt. Bjørnafjordingane har vore veldig flinke til å følgje reglane, men alle medisinske tilrådingar tilseier at det framleis er for tidleg å sleppe opp.
Kommunane i bergensregionen har stått saman om innføring av desse strenge tiltaka fordi vi er éin felles bu- og arbeidsmarknad. Det er heilt avgjerande at vi står saman òg i tida som kjem. Eg unner alle ei mest mogleg normal advents- og juletid - og då må vi halde ut med strenge lokale tiltak ei stund til, seier ordførar i Bjørnafjorden kommune, Trine Lindborg.Klikk for stort bileteOrdførar i Bjørnafjorden kommune, Trine Lindborg. Arbeidarpartiet  

Ekstraordinært kommunestyremøte på måndag

Kommunestyret i Bjørnafjorden skal behandle ei eventuell forlenging av dei lokale smitteverntiltaka i eit ekstraordinært kommunestyremøte måndag 23. november.

- Først etter at forskrifta er ferdig måndag, og lagt fram for kommunestyret måndag kveld, veit vi om det vil bli mindre endringar. Men i utgangspunktet må folk førebu seg på at dei same reglane vil gjelde fram til og med 7. desember, seier Lindborg.

Til toppen