Kanskje er de fleire som vil gå saman og konkurrere mot andre lag på arbeidsplassen eller i nabolaget? Du kan vinne flotte premiar både undervegs og til slutt i konkurransen. Aksjonen startar med Kick-off utanfor rådhuset på Osøyro tysdag 20. april.
Meld deg på aksjonen
Vil du vere sykkel-ambassadør?
Bjørnafjorden kommune er med i årets Sykle til jobben-aksjon saman med mellom anna Bergen, Askøy, Øygarden og Alver kommunar. For å vise fram aktiviteten vi Bjørnafjordingar gjer i perioden frå 20. april til 18. juni, ønsker vi kontakt med personar vi kan få følgje gjennom kampanjen. Som sykkel-ambassadør kan du dele dine tankar med oss om korleis du er aktiv i kvardagen din!
Har du lyst til å vere ein slik ambassadør, til inspirasjon og glede for andre som vurderar å bli med på kampanjen, send oss ein e-post.