Vi treng alle eit digitalt løft

Klikk for stort bileteKommunen skal hjelpe innbyggarane med å auke sin digitale kompetanse Dagens samfunn stiller heilt nye krav til vår digitale kompetanse. Koronapandemien har gjort det ekstra tydleg kor sårbart det er for dei som ikkje tar del i den teknologiske utviklinga. Når det sosiale fellesskapet er flytta over til digitale plattformar, vil det påverke livskvaliteten vår dersom vi ikkje er kobla på. Mangel på grunnleggande digital kompetanse kan bli eit folkehelseproblem og vil skape utanforskap. Dette ønsker Bjørnafjorden kommune å gjere noko med.

Digitalt rettleiingstilbod til innbyggarane

Bjørnafjorden kommune har fått 300.000 kroner for å utvikle eit digitalt rettleiingstilbod. Målet med prosjektet er å gi innbyggarane i alle aldrar den digitale kompetansen dei treng, og gi rettleiing til dei som skal gi dei denne opplæringa. Jeanette Heggland er leiar for Innbyggardialog og utvikling i Bjørnafjorden kommune. Ho såg raskt verdien av å søke om midlar for å etablere eit tilbod som kan auke vår digitale kompetanse. -Vi ønsker å hjelpe innbyggarane våre til å ta del i det som er blitt ei naturleg del av kvardagen vår. Som innbyggar må vi kunne fylle ut digitale søknadar, leite fram viktig informasjon på internett, bruke BankID, betale på Vipps og kunne følge med på våre nærmaste i sosiale nettverk som Facebook, Snapchat, Skype også vidare, seier Heggland. 

Tverrfagleg samarbeid

For å gi prosjektet ein god start blei alle moglege samarbeidspartnarar invitert til ei digital Innolab-økt. Samlinga blei gjennomført på Teams og representantar frå dei ulike tenesteområda i kommunen, eldrerådet, frivilligsentralen, bibliotek, lokalt næringsliv, Fana Sparebank, Os vidaregåande skule, vaksenopplæringa, NAV, servicetorget i Bergen kommune med fleire var med. Hensikta var å dele erfaringar og diskutere kva digitale utfordringar som er blant våre innbyggarar, og finne forslag til korleis vi kan løyse desse utfordringane.

- Eg er strålande nøgd med økta i går. Den viste kor nyttig det er å snakke saman på tvers. Økta starta med at vi fekk høyre innlegg frå Eldrerådet, Kompetanse Norge, tenesta i pleie og omsorg og Bergen offentlege bibliotek. Leiar for Eldrerådet, Bjørn Sivertsen kunne fortelje korleis han opplever dei digitale utfordringane for mange eldre og kva han ønsker seg for denne gruppa. Eit eksempel kom fram frå mormora som elsker å følge borneborna sine på Snapchat, og på den måten får ho ta større del i liva deiras. Vi fekk mange gode innspel frå Bergen offentlege bibliotek som har jobba med eit slikt tilbod i fleire år. Innlegga ga alle deltakarane eit større bilde før dei sjølv skulle vere kreative i gruppearbeid, seier Heggland. Fana Sparebank fekk også lansert eit tilbod som dei har, Bankbilen der dei køyrer heim til personar og hjelper dei med digital rettleiing og spørsmål kring BankID og nettbank. - Vi vil gjerne ha fleire innspel frå innbyggarane våre til dette prosjektet! Dersom du har idear eller ønsker å bidra kan du sende ein e-post til meg, avsluttar Jeanette.  

Meir om tilskotsordninga

Tilskotsordninga er ein del av samarbeidsavtalen mellom Kommunesektorens organisasjon (KS) og Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) om utvikling av Digihjelpen. Tilskotet som Bjørnafjorden kommune har søkt om, og fått midlar til skal legge til rette for at kommunar får etablert eit permanent rettleiingstilbod retta mot dei som manglar grunnleggande digital kompetanse.

Les meir om støtteordninga

Til toppen