Vi tok ein prat med Lise Birkeland Kvittingen og Ottar Midtrød for å høyre kva dei tenker om å vere med i endringsforum for stab og støtte. Dei har konkrete tips og spennande tankar på korleis stabstenestene kan lukkast i møte med omstillingsarbeidet.
- Eg likar å samanlikne oss med fotball, seier Ottar. Om vi kan sjå for oss at Bjørnafjorden kommune er i ein fotballcup, er det stabstenestene som må spele dei innleiande kampane. Dei andre tenestene innan oppvekst, helse og velferd og samfunnsutvikling er avhengig av at stabstenestene spelar godt for å bli med i det vidare A-sluttspelet. Seriespelet er den daglege drifta- og laget vil bli meldt på store cupar som mellom anna har namnet kommunesamanslåing. I denne cupen kom vi langt i sluttspelet, men ikkje helt til topps. Det står framleis att potensiale for å ytterlegare forbetre og effektivisere, og difor er vi meldt på ein ny cup; Bjørnafjorden 22 som må til for å få pengar nok til å vere med vidare. På same måte som i ein fotballkamp, er organisasjonen avhengig av at vi spel kvarandre gode, og at alle spelarane har formålstenlege og faste plassar på banen, seier Ottar. - Med den rette organiseringa trur eg vi har eit enormt potensialet for å klare oss gjennom store endringar, seier Lise. - Vi må ikkje slå bein på kvarandre, men spele på lag og halde vår posisjon der vi er best, avsluttar Ottar metaforen sin.