Infoskjerm som bidreg til fellesskap på arbeidsplassen

Vivi Irene Fosse er rektor på Søre Fusa skule. Då ho starta jobben 1. november 2018, var ho rask med å henge opp ei stor Whiteboard-tavle på arbeidsrommet til lærarane. På tavla førte ho opp dag for dag, heile veka med viktige meldingar, møte, vikarlister og informasjon til dei tilsette. - Ofte blei det endringar undervegs med uventa ting. Tidsbruken med tavla var større enn det eg forventa den gong. Dessutan var det tungvint å endre informasjonen på tavla raskt nok, seier ho. Frå hausten 2020 fekk ho montert den digitale informasjonsskjermen. -Infoskjermen skaper betre informasjonsflyt, seier ho. Skjermen er plassert på arbeidsrommet til dei tilsette i skulen, eit rom der alle er innom fleire gonger for dagen. Eg bruker minimalt med tid til å lage innhald og oppdatere informasjon, og eg opplever at skjermen bidreg til å skape større fellesskap på arbeidsplassen ved at informasjonen når likt ut til alle.

Meir effektive møte

Skjermen gjer at dei tilsette ikkje treng å oppsøke informasjon på same måte. Informasjonen oppsøker deg. – Skulen er ein lærande organisasjon, og eg ønsker å bygge profesjonsfellesskapet vårt gjennom det eg deler på skjermen, seier Vivi. -Ei anna tilleggseffekt er at møtetida blir meir effektive. Det går rett og slett mindre tid til å gi praktisk informasjon og oppdatere dei tilsette i personalmøte, seier ho. For dei tilsette er det mange system og forhalde seg til i ein travel kvardag; It`s learning, e-post, Innsio, EQS er nokon av dei. – Ved hjelp av innhaldet eg legg ut på skjermen, kan det vere enklare for meg som leiar å vise til at informasjonen ligg her, og dei tilsette tek ansvar for å oppdatere seg sjølv på ein enklare måte, seier Vivi.  

Supplert med mobilapp

I tillegg til informasjonsskjerm kjem viktige meldingar ut til tilsette via mobilappen "InfoskjermenGo". - Denne er frivillig å laste ned, sidan dei bruker sine private telefonar. Dei aller fleste har lasta ned appen og bruker den for å orientere seg om viktige beskjeder som eksempelvis sjukdom, vikartimer eller andre ting, seier Vivi.     

Skaper den gode stemninga

Vivi har god erfaring med korleis du som leiar kan bruke skjermen for informasjonsdeling. . – Det kan vere alt frå eit inspirerande bilete av born og vaksenrolla av Lisa Aisato, til utdrag frå språkprofilen til Bjørnafjorden kommune i eit fast innlegg eg i ei tid kalla «Språkhjørne». Når skjermen er synleg for alle tilsette med nyttig og oppdatert informasjon er den eit svært godt hjelpemiddel for å halde oversikt over veka. - Eg brukar infoskjermen bevisst til viktig informasjon som gjeld arbeidskvardagen vår, men også til å skape den gode stemninga. Blant anna legg eg av og til ut bilete med sitat som til dømes «Wellness Wednesday» og visning av video med BliMe dansen på skulen vår, seier ho.