Kommunen treng slike som Jorun Elin

Jorun Elin Dahl

Jorun Elin Dahl er leiar for koordinerande eining (KE). Til dagleg jobbar ho med samhandling på tvers av tenester, og ved sidan av jobb tar ho ein mastergrad ved Høgskulen på Vestlandet i Samhandling innan helse og sosialetenester. Jorun Elin har eit stort engasjement for å jobbe på tvers av sektorane. Forsking viser at det er lønnsamt å lausrive seg frå sektorinndelingar for å bli betre på samhandling. - Dette er noko eg håper blir eit resultat i endringsprosessane i Bjørnafjorden 22, seier Jorun Elin. 

Det er i endring vi lærer 

- Då eg fekk tilbodet om å vere med i endringsforum for Bjørnafjorden 22 kunne eg ikkje seie nei, seier Jorun Elin. Når vi vel å ta imot ei endring, lærer vi mykje, også om oss sjølv. Saman med resten av endringsforum for helse og velferd vil vi opne mange nye perspektiv. - Det er ingen av oss som veit kva konsekvensar endringane vil gi, men vi kan velje å gå inn i det med openheit eller vi kan velje å lukke oss og «la dei andre ta ansvaret», seier ho. Eg er klar for å utfordre både meg sjølv og prosessar vi har i organisasjonen i dette arbeidet. 

Ikkje den beste føresetnaden

Jorun Elin er ei positiv dame av natur. Ho har ein utvida horisont, og meiner det er viktig å sjå til andre når vi skal drive endring. - Det er mykje forsking på dette og mange andre organisasjonar har lukkast i større endringsarbeid før, seier ho. Bjørnafjorden kommune har eit enormt potensiale for å bygge ned sektorinndeling og i større grad utnytte synergieffektar mellom tenestene. - Det er utfordrande arbeid, og organisasjonen har ikkje den beste føresetnaden i tida vi er inne i. Det er kort tid sidan kommunesamanslåinga og ein koronasituasjon som kom kasta på oss i vår. Organisasjonen har ikkje vore i ein normalsituasjon på veldig lenge. - Vi kan forsøke å snu dette til ein fordel og utnytte at vi er inne i ei tid for endring, meiner Jorun Elin. 

Brukarmedverknad er krevjande i alle prosessar

Jorun Elin skal skrive masteroppgåve om korleis foreldra opplever samhandling mellom skule og helse. Ho skal intervjue sju foreldre, alle har barn med autismespekterforstyrringar. Alle desse familiane er busette i ein annan kommune, slik at kjennskapen ho har til denne kommunen ikkje skal legge føringar for oppgåva. Fleire undersøkingar viser at det er mangefull samhandling mellom skule og helsetenestene, og at mange familiar ikkje blir ivaretatt på ein god nok måte. Det er i dag lite forsking på foreldra sitt perspektiv på korleis dei faktisk opplever samhandling. - Eg har erfart fleire gonger i jobben min at det er lett å gløyme brukarmedverknad i mange prosessar. Arbeidet med Bjørnafjorden 22-prosjektet handlar jo mykje om dette. Å involvere dei tilsette og skape medverknad i alle prosessar vi skal gjennomgå. 

Vi ønsker Jorun Elin lykke til med arbeidet i endringsforum og med masteroppgåva!

Her er endringsforum for helse og velferd 

Les meir om prosjektorganisering for Bjørnafjorden 22  

Kontakt

Bjørnafjorden 22-prosjektet