Kva er ei normal reaksjonskurve?

Unsplash,, Chor Tsang

Vi er kanskje ikkje ordentleg kopla på endringsprosessar før dei plutseleg angår oss sjølve. Og dette er heilt normalt. Motstand mot endring vil komme på eit tidspunkt. Det er gjort mykje forsking på organisasjonsutvikling og det vil alltid, i større eller mindre grad, bli motstand mot endring. Mykje tyder på at den mest vanlege årsaka til motstand er ønskje om å ikkje miste det som betyr noko for ein, at dei tilsette ikkje forstår kva endringa går ut på eller ei oppfatning om at endringa ikkje er bra for organisasjonen. 

Endring er den nye normalen 

For å bli flinkare til å takle endringane som skjer i Bjørnafjorden kommune bør vi bli meir nysgjerrige på kvarandre sin kompetanse. Ved å prate meir opent om endringane og kva dei gjer med oss kan vi i større grad formidle noko positivt.

 

 

 - Vi må skape større kultur for ein meir dynamisk og energisk måte å jobbe på. Vi kan ikkje vere redde for å snakke om kva endringane gjer med oss og kva som er eit normalt reaksjonsmønster, seier Maria Therese Bjørdal. Ho jobbar som avdelingsleiar for bufellesskap psykisk helse, og har det siste året jobba med omstillingsarbeid i endringsforum i Bjørnafjorden 22-prosjektet. Ho er no engasjert i det nye tverrfaglege endringsforumet.  

Med større openheit vil vi også bevisstgjere leiarane. Det er nettopp leiarane som er ansvarlege for å sette i gang endringsprosessar. Maria Therese Bjørdal 

Endring tar tid

Å drive organisasjonsutvikling er krevjande, og i kommunal sektor kan ting ta tid. Som ein del av omstillingsarbeidet er det testa ut ulike metodar for å jobbe med endringsprosessar. Nokon av dei har hatt eit heilt anna tempo enn det vi er vand med. Google design sprint er ein slik metode. Målet her er å jobbe intensivt over ei avgrensa tid for å finne løysingar på ei gitt problemstilling. - Det kan vere litt skummelt å køyre fort, men av og til er det nødvendig. Sjølve innhaldet etter sprintarbeidet som så langt er jobba fram må vi ta steg for steg. Det tar tid å få implementert endringane, noko som er heilt greitt, seier Maria.

 

Maria Therese Bjørdal har mykje å bidra med i endringsforum. Frå møte i Innolab 5. oktober 2021.

   Bjørnafjorden 22 har støtte frå Norges Handelshøyskole (NHH) og har i løpet av det siste året hatt fleire opplæringskurs i endringsleiing. – Vi har fått mykje fagleg påfyll og eg trur vi må sjå på endringar vi gjer som ein øvingsarena. Vi må ikkje sette lista for høgt, men tørre å prøve og feile, seier Maria. Utvikling og endring er blitt den nye normalen, også for Bjørnafjorden kommune. Nokon kan føle at endringane er påtvungen, mens det for andre er tilfredsstillande å vere med på utviklinga. - Det beste vi gjer er å sitte roleg i båten, engasjere oss i det som kjem og på den måten bli med å forme Bjørnafjorden kommune inn i framtida, avsluttar Maria.  

 

Reaksjonskurven er forklart i seminaret som er gitt av NHH i desember 2020. Du finn presentasjonane frå Norges Handelshøyskole (NHH) i Verktøykassa under Endringsleiing Del 1. Nettsamling med Inger G. Stensaker des.2020 slide 8. 

 

 

 

Les også: Let´s sprint! og
Testa ut hypotesen : kan vi samorganisere bibliotek og kommunetorg?