Kva skjer etter SIO?

Foto: KS/Colourbox

Det er på høg tid at heile organisasjonen veit korleis Statleg finansiering av omsorgstenester (SIO) påverkar kommuneøkonomien i Bjørnafjorden kommune. Forsøksordninga avsluttar i 2023. Det betyr at vi i løpet av dei neste to åra skal sikre drifta med ordinær rammefinansiering. Arbeidet som skjer i Bjørnafjorden 22 vil vere til god hjelp for å førebu oss på tida etter SIO.

Kva har SIO å sei for den totale kommuneøkonomien vår? Korleis skal vi kome tilbake til ordinær rammefinansiering av helsesektoren etter at SIO-prosjektet er ferdig i 2023? Korleis vil det påverke dei andre tenestene i kommunen? 

Dette er spørsmål som ikkje er løyst, og som det vil bli sett av mykje arbeid for å finne svar på. Det er ikkje mange som forstår kompleksiteten i SIO fullt ut. Statleg finansiering av omsorgstenestene er basert på stramme føringar frå helsedirektoratet, og handlar blant anna om avanserte tenestetildelingskriterier.

SIO : godt forklart

Liv Eriksen Villeneuve er økonomirådgivar og prosjektleiar for SIO i Bjørnafjorden kommune. Ho har vore med sidan oppstarten av prosjektet i 2016. I denne videoen hjelper ho oss med å forstå kompleksiteten i SIO, og kva det betyr for den totale økonomien i kommunen vår.

 

Korleis påverkar SIO heile kommuneøkonomien

Gamle Os kommune har vore med i SIO sidan 2016. I 2019 blei prøveordninga forlenga til 31.12.2022. Gamle Fusa kommune blei inkludert i SIO-prosjektet i 2019. Bjørnafjorden kommune vil ha statleg finansiering fram til 2023. Då får vi heile ramma tilbake som er basert på nivåa helse og omsorg låg på i 2015 og 2018. I kommunal sektor er det rammefinansiering som er hovudfinansieringsmodellen. Dette inneber at kommunen gjennom inntektssystem får tildelt statlege rammetilskot basert på objektive kriterium.

I løpet av dei neste to åra skal vi sikre at vi klarar å drifte med den ramma vi får tilbake. Rammetilskotet vi vil få tilbake er basert på netto driftsutgifter frå 2015 i Os kommune og for 2018 i Fusa kommune. Uttrekket for 2021 er på 385 millionar kroner. Mykje har endra seg på desse åra, og dette talet er for lågt til den faktiske veksten. Behova har auka, og dei demografiske føresetnadane er annleis. I 2018 gjekk 36% av den totale økonomiske ramma for Fusa kommune til helse og 26% for Os kommune. Dette er truleg ikkje reelle tal i dag, og her er det mykje vi ikkje veit. Det som er sikkert er at frå 2023 må helse og omsorg rett og slett få ein større del av den totale kaka. Og det vil påverke kommuneøkonomien i stor grad.

Som ein del av førebuinga til dette har Bjørnafjorden kommune oppretta eit SIO-fond som i dag er på 30 millionar kroner. Det er uklart kor mykje vi får til å spare i åra fram til 2023, grunna den økonomiske situasjonen kommunen står i. 

Auka behov for helsetenester

Agenda Kaupang har sidan 2016 drive følgjeforsking på SIO-prosjektet. I januar kom den femte evalueringsrapporten for 2020. Her finn du rapportane for dei føregåande åra. Agenda Kaupang har uttalt at den økonomiske gevinsten for dei andre tenestene, som oppvekst og samfunnsutvikling er stor fordi det er fleire eldre i kommunen. Dette utsegn er sett på spissen, men er likevel med på å gi eit bilde av i kor stor grad SIO påverkar den totale kommuneøkonomien. Tal frå SSB viser at det også i vår kommune vil vere fleire eldre enn unge dei neste ti åra. Tala framskriv at det vil vere 700 fleire innbyggarar i alderen 80+ i Bjørnafjorden kommunen innan de neste ti åra. Og desse tala tek ikkje omsyn til faktorar som lokal bustadpolitikk eller nye E39. I dag er det omlag 55% av denne aldersgruppa som mottek helsetenester frå kommunen. Dersom utviklinga stemmer vil det vere nesten dobling av tal på tenestemottakarar.

SIO har gitt eit fagleg løft 

Etter at kommunen gjekk inn i SIO har vi samla inn store mengder data som har gitt kommunen mykje innsikt og kunnskap. - SIO har gitt heile kommunen eit fagleg løft, i tillegg til eit økonomisk løft. No er målet å finne tilbake til balanse og bruke dei verktøya vi har opparbeida oss til å forberede ei tid utan SIO, seier Liv Eriksen Villeneuve. Bjørnafjorden 22-prosjektet har sett i gang mange prosessar for omstilling og innsparingar i heile organisasjonen. Dette tvinger oss til omstilling og å tenke nytt om tenestene våre. - Gjennom å ruste alle tenestene for innsparingar vil Bjørnafjorden 22 vere viktig for å betre situasjonen etter 2023, avsluttar Liv Eriksen Villeneuve.

I denne videoen frå Helsedirektoratet kan du høyre erfaringar frå Bjørnafjorden kommune og Stjørdal kommune som er med i SIO-prosjektet.

 

Her kan du lese meir om SIO-prosjektet