Lise og Ottar sit i endringsforum for stabstenester

Ottar Midtrød og Lise Birkeland Kvittingen

Vi tok ein prat med Lise Birkeland Kvittingen og Ottar Midtrød for å høyre kva dei tenker om å vere med i endringsforum for stab og støtte. Dei har konkrete tips og spennande tankar på korleis stabstenestene kan lukkast i møte med omstillingsarbeidet.

 

- Eg likar å samanlikne oss med fotball, seier Ottar. Om vi kan sjå for oss at Bjørnafjorden kommune er i ein fotballcup, er det stabstenestene som må spele dei innleiande kampane. Dei andre tenestene innan oppvekst, helse og velferd og samfunnsutvikling er avhengig av at stabstenestene spelar godt for å bli med i det vidare A-sluttspelet. Seriespelet er den daglege drifta- og laget vil bli meldt på store cupar som mellom anna har namnet kommunesamanslåing. I denne cupen kom vi langt i sluttspelet, men ikkje helt til topps. Det står framleis att potensiale for å ytterlegare forbetre og effektivisere, og difor er vi meldt på ein ny cup; Bjørnafjorden 22 som må til for å få pengar nok til å vere med vidare. På same måte som i ein fotballkamp, er organisasjonen avhengig av at vi spel kvarandre gode, og at alle spelarane har formålstenlege og faste plassar på banen, seier Ottar. - Med den rette organiseringa trur eg vi har eit enormt potensialet for å klare oss gjennom store endringar, seier Lise. - Vi må ikkje slå bein på kvarandre, men spele på lag og halde vår posisjon der vi er best, avsluttar Ottar metaforen sin. 

Små hindringar må ikkje stoppe utviklinga

Lise og Ottar har begge ei sentral rolle i stab og utvikling. Dei er på ein måte kvart sitt ytterpunkt i måten dei jobbar på. Lise er leiar for rekneskapsavdelinga og er vant til å kunne sette to strekar under svaret. Ho er glad i å sette opp dei klare linjene, og er tilhengar av å ikkje komplisere for mykje. - Eg har tru på at vi må våge å starte eit endringsprosjekt utan at alle moglege utfall av eitkvart scenario er kjent. I ein kompleks og samansett organisasjon som Bjørnafjorden kommune tar dette ofte for lang tid og kostar for mykje, seier Lise. Ho fekk blant anna ansvaret for å implementere innstemplingsystem for arbeidstid, Tidsbanken for å effektivisere timeføringsprosessen. - Det var vel tilfeldig at dette hamna hos meg den gong og ansvaret for Tidsbanken er no flytta over til personalavdelinga der det høyrer heime, seier Lise. - Når vi skal gjere ting på nye måtar, eller implementere nye arbeidsverktøy vil det kunne vere nokre oppgåver som fell  «utanfor boksen». Alt treng ikkje å vere 100 % perfekt første gong og vi må ikkje la dette hindre at vi testar ut nye måtar å gjere ting på, seier Lise.   

Vi må snakke saman

Ottar er rådgivar i stab og er med i fleire utviklingsprosjekt. Han jobbar tett saman med ITHjelpa, og er blant anna ansvarleg for internt mobilt bedriftsnett i kommunen. - Eg er heldig som får jobbe med varierte oppgåver. Mykje av tida mi går framleis til å rydde opp i restar etter gamle Os og Fusa, seier han. Ottar har eit stort overblikk på heile organisasjonen og veit mykje om korleis fagsystem og ting heng saman. Han har sterk tru på at vi må snakke meir saman. -Det er når vi snakkar saman at det blir handlekraft. Sjølv om det kan høyres banalt ut, må vi ikkje undervurdere kor vanskeleg det kan vere å få tilsette til å snakke og dele gode idear, seier han. -Mange sit inne med gode løysingar og dei bør få større spelerom for å involvere desse i den daglege drifta, meiner Ottar. -Men om viljen er der så er tid gjerne ei anna utfordring, legg han til. Ein stor del av Bjørnafjorden 22 handlar nettopp om medverknad og engasjement, og mykje av jobben til endringsforum er å bygge arenaar for å snakke saman og finne dei gode løysingane.  

I mange prosessar vil vi kunne setje to strekar under svaret. I andre tilfelle må vi tenke stort og visjonært om ting. -Vi må tørre å gjere begge deler, seier Lise og Ottar. -Vi må spele kvarandre gode vi som er i stabstenestene må heile tida vite vår plass på banen slik at vi får eit godt lagspel, avsluttar Ottar. 

Kontakt

Kontakt Prosjektgruppa Bjørnafjorden 22