Oppvekst - korleis skal vi organisere oss for framtida?

Før sommaren starta eit større arbeid med organisering av fagtenester og stab i oppvekst. Endringsarbeidet skal sjå på korleis oppvekst skal organisere seg for framtida – til det beste for barn, unge og familiar i Bjørnafjorden. Alle delar av oppvekstsektoren er informert om bakgrunn for prosjektet og tidsperspektivet er frå august til og med desember 2021.

Strenge ressursrammer

Som følgje av at kommunen står overfor krevjande økonomiske tider skal oppvekst ta ned driftsutgifter med 18,7 millionar i 2022. Det er sett i gang fleire tiltak som vil påverke drifta og tilbodet til brukarane. Sjølv med strenge ressursrammer er det lagt stor vekt på at vi skal levere treffsikre og koordinerte tenester til barn, unge og familiar. – Vi jobbar mykje med å lage gode strukturar og robuste system som gjer at vi er i stand til å oppretthalde gode tenester sjølv med mindre ressursar. Utviklingsarbeidet framover er i stor grad retta inn mot dette, seier kommunalsjef for oppvekst Line Rye.

Omfattande arbeid

Oppvekst er eit stort tenesteområde og består av barnehage, skule, pedagogisk psykologisk teneste (PPT), førebyggande helsetenester (jordmorteneste, helsestasjon og skulehelseteneste) og barneverntenesta. Det er 23 barnehagar (8 kommunale og 15 private), 17 skular (14 kommunale barneskular og 3 private barneskular, 3 kommunale ungdomsskular). I tillegg kjem Bjørnafjorden vaksenopplæring og Bjørnafjorden kulturskule. Dei skal alle gi treffsikre tenester til barn, unge og deira familiar gjennom tidleg innsats og førebygging. Tenestene opplever eit stort press og det kan vere fleire grunner til det. Vekst i samansette hjelpebehov, fleire unge opplever dårleg psykisk helse og utanforskap blant barn og unge påverkar folkehelse og livskvalitet.

Måleindikatorar for prosjektet i 2021:

  • Vi skal sikre god overgang mellom barnehage og skule og mellom dei ulike skulene
  • Vi driv systemretta samarbeid mellom PPT og skulane/barnehagane for å sikre god utvikling hos barn
  • Barnehagane og skulane skal ha eit godt psykososialt miljø, jmf §9A i Opplæringslova, §41, §42 og § 43 i barnehagelova
  • Gi tilsette i skulen gode verktøy for å oppdage og handtere bekymringsfullt fråvær
  • Ung Arena skal vere eit godt tverrfagleg hjelpetilbod og møteplass for ungdom i alderen 13 – 20 år
  • Familiar knytt til «trygg start» skal få tilbod om heimebesøk og tett oppfølging ved behov
  • Mobilisere familie og nettverk i oppfølging av barn og familiar i barnevernet
  • Sikre treffsikre tenester gjennom aktiv oppfølging av brukarundersøkingar som Foreldreundersøkinga i barnehage og UngData-undersøking blant elevar i skulen.

Kvifor treng vi å omorganisere?

Bakgrunnen for omorganiseringa er blant anna to vakante einingsleiarstillingar i oppvekst. I den samanheng var det naturleg å sjå på ny organisering.

Noverande organisering av oppvekst (2020)

  Det er i tillegg fleire tungtvegande argument som talar for å tenke nytt. Eitt av dei er funn frå SKO-studien (samhandling og kvalitet i kommunale tenester for barn, unge og deira familiar) der tilsette sjølv har peikt på at vi ikkje har god nok innsikt i kvarandre sine arbeidsfelt og ikkje får nytta ressursar godt nok på tvers. Organisering av fagtenester og stab er tett kopla mot arbeidet med å implementere ny barnevernsreform/oppvekstreform. Dette er to store nasjonale reformar som vektlegg tverrfagleg samarbeid og tidleg innsats. Som del av implementering av oppvekstreforma blir det gjort eit omfattande kartleggingsarbeid som blir tatt med i prosjektet med organisering.

 

Til drøfting i oktober

Dei siste vekene har det vore gjennomført Digikok og «minisprint». Her er det laga konkrete forslag til framtidig organisering basert på grunnlagsarbeid, funn og erfaringar. Forslag til ny organisering skal til drøftingsmøte med dei tillitsvalde i starten av oktober. Før dette blir alle tilsette i fagtenester og stab informert om forslaget til organisering, og får komme med innspel.

 

Plan for dagen, Digikok 27. august

Fredag 27. august arrangerte Tone Borgen og Jeanette Heggland ein digikok der nærare 40 personar frå oppvekstområde deltok. Dei to fasilitatorane har lagt mykje arbeid i å planlegge den digitale samlinga. Målet var å få gode innspel, dele erfaringar og sikre medverknad frå tilsette. Dagen var delt inn i gruppearbeid og fellespresentasjonar, og spørsmål som blei diskutert i gruppene var: Kva fungerer godt i dag? Kva må til for å lykkast med tverrfagleg samarbeid og tidleg innsats? Korleis bør vi organisere oppvekstområde for å nå målet? Kven er naturlege samarbeidspartnarar? og Kva ansvar bør ligge til dei ulike avdelingane? - Det er inspirerande å høyre så mange opne og ærlege synspunkt og gode tankar for korleis vi saman utviklar ein framtidsretta oppvekstteneste, seier Tone Borgen.

Grunnlagsdokumentasjonen frå Digikoken var verdifull i arbeidet som blei gjort i "sprinten" veka etter. Her var leiargruppa frå oppvekst samla for å lage endeleg forslag til organsiering. Deltakarane her var Line Rye kommunalsjef, Irene Kvåle Foer fagsjef barnehage, Lena Epland Sløgedal barnehagemynde, Janne Efteland Eik fagsjef skule, Therese Johnsen ass. fagsjef skule, Are S. Lygre kst. einingsaleiar PPT, Marita Måge kst. einingsleiar førebyggande helse, Linda Hevrøy einingsleiar barnevern, Eirinn Hesvik Ljones, prosjektleiar oppvekstreform, Svanhild H. Riise tillitsvald, Hildegunn L. Austestad verneombod, Jeanette Heggland og Tone Borgen som fasilitatorar.   

 

Kontakt

Kontakt Prosjektgruppa Bjørnafjorden 22