Treffsikre tverrfaglege tenester i barnehage

Karianne Moberg

Våren 2021 starta eit større endringsarbeid på oppvekstområde: Korleis sikre riktige tenester for barn med nedsett funksjonsevne som har rett på eit tilrettelagt barnehagetilbod ut i frå barnehagelova § 37? Karianne Moberg er barnehagefagleg rådgivar og ansvarleg for å organisere og gjennomføre arbeidet.
 

I 2020 betalte Bjørnafjorden kommune ut over 7 millionar til barnehagar som hadde fått vedtak om tilretteleggingstilskot til enkeltbarn. Våren 2021 var heile budsjettposten på 3 millionar kroner brukt opp. Det er lovbestemt at barn med nedsett funksjonsevne, og som ikkje kan nyttiggjere seg av eit ordinært barnehagetilbod, har rett på tilretteleggingstilskot. Kommunen skal sikre at barna får eit egna individuelt tilrettelagt barnehagetilbod. I 2020 hadde Bjørnafjorden kommune 35 vedtak av 1500 barnehagebarn i kommunen. Etter at arbeidsgruppa har gått gjennom rutinane er det ikkje lengre mogleg å søke vedtak på paragraf 37 i barnehagelova på feil grunnlag. - Målet er å endre praksis og heve kompetansen ute i barnehagane. Ikkje at det blir høgare krav for å få vedtak om nedsett funksjonsevne. Det vi opplever er at barnehagane gjerne søker vedtak utan at dei heilt veit kva det treng hjelp til, seier Karianne.  

Kompetansegevinst

Arbeidsgruppa gjekk i gang med idémyldring der støttepedagogar, fysioterapeut og pedagog var med. Det blei laga eit ressurshefte som forklarar kva nedsett funksjonsevne er som er tilgjengeleg på nettsida til kommunen.

Ressurshefte Individuelt tilrettelagt barnehagetilbod for barn med nedsett funksjonsevne (PDF, 327 kB)

Det er viktig at barnehagane føler seg sett og at vi forstår utfordringane dei står i kvar dag. Det er hektiske dagar i barnehagen og utfordringa er ofte å arbeide systematisk med tiltaka og få implementert arbeidsmetodar på heile avdelinga for å hjelpe det enkelte barnet. - Vi jobbar med kopetanseheving i barnehagane og inn mot pedagogane. Det er enkeltsaker der det er gjort avgjersle om at barn som ikkje har ei nedsett funksjonsevne likevel har fått vedtak. I desse sakene viser det seg at det er systemet rundt barnet som ikkje er godt nok. Målet er at vi i større grad kan arbeide innanfor det ordinære barnehagetilbodet, seier Karianne. 

Kva er normalitetsbilde? 

Då endringsarbeidet starta fekk heile oppvekstsektoren løfta spørsmålet: Kva er normalitetsbilde? Innan denne problemstillinga er det ulike nyansar. Det er barn som utfordrar det ordinære barnehagetilbodet, men som ikkje har ein diagnose. Også er det barn som har ein diagnose og som har store hjelpebehov, men som ikkje får den tilrettelegginga dei treng. - I alle dei ulike nyansane trengs det eit samarbeid på tvers og kompetanseheving i dei ulike fagfelta. Det er saker der barnehagen ikkje klarer å legge til rette innanfor det ordinære barnehagetilbodet. Då må vi ha ei felles forståing for kva det einskilde barnet treng tilrettelegging til, og kva det vil sei å ha ei nedsett funksjonsevne. Ved å ha eit tettare samarbeid på tvers av fagfelt og saman jobbe for at normalitetsbilde blir utvida, og ikkje snevra inn kan vi få dette til, seier Karianne. 

Ressursar i støttepedagogane 

Støttepedagogane jobbar for å rettleie barnehagen med konkrete tiltak. Tidlegare var støttepedagogane inne på enkeltvedtak og enkeltbarn i mykje større grad. No jobbar dei meir målretta i vedtaka og ser heile systemet under eitt med fokus på rettleiing og undersøkingsfase. Spørsmålet dei jobbar mot er: Kva barriere skal trekkast ned for at barnet skal få størst mogleg utbytte av barnehagen? – Vi har fått gode tilbakemeldingar frå barnehagane og dei opplever å bli tatt på alvor. Kvaliteten på hjelpa er betre og meir tilpassa kvart enkelt barn, seier Karianne. 

Arbeidet med  § 37 er ein del av eit større arbeid. Den nye barnevernsreforma/oppvekstreforma er store nasjonale reformar som vektlegg tverrfagleg samarbeid og tidleg innsats. Dette stiller betydelege krav til korleis heile oppvekstområde er organisert.

Kontakt

Kontakt Prosjektgruppa Bjørnafjorden 22