Treng du tips til korleis du kan engasjere både deg sjølv og dine tilsette i Bjørnafjorden 22?

Lene Tveit er einingsleiar på Fusa bu- og behandlingssenter

Ein kvar leiar ønsker å engasjere sine tilsette på avdelingslingsmøte. Dessutan er det leiar sitt ansvar at viktig informasjon kjem fram og blir lest. Lene Tveit er einingsleiar på Fusa bu- og behandlingssenter og har personalansvar for rundt 90 tilsette. Lene løyste utfordringa med å skape engasjement på ein gøy og kreativ måte!  


Kjenner dei tilsette godt

Lene Tveit har jobba på Fusa-bu og behandlingssenter sidan 2007. Ho har hatt fleire ulike leiarroller, og var tenesteleiar i gamle Fusa kommune før ho fekk endra stilling som einingsleiar då Bjørnafjorden kommune blei til frå 01.01.2020. - Eg kjenner dei tilsette godt og dei viser meg den tilliten som eg treng for å gjere jobben min, seier Lene. Samhaldet på Fusa bu- og behandlingssenter er godt, og Lene ser betydninga av det gode kollegiet når dei saman skal finne gode løysingar for framtida. Då kommunedirektøren ville ha alle innsparingstiltak på bordet innan 18. september i 2020, kom det svært mange gode innspel og forslag frå dei tilsette. - Eg vart imponert over korleis dei tilsette jobba i denne prosessen. Det er inspirerande å sjå at dei gode forslaga ikkje tok slutt etter «fristen», og det kjem stadig nye idear og løysingar for gjere ting betre og effektivisere drifta. Det er mykje kreativitet og det kjem masse nyttig fram på personalmøta våre, seier ho. Fleire av dei tilsette på Fusa bu- og behandlingssenter er direkte engasjert i Bjørnafjorden 22 i arbeidsgrupper som er sett i gang for å jobbe med konkrete endringsforslag. - Eg forsøker å opne opp for dialog og sy ting saman for dei. Vi treng alle ei verkelegheitsorientering. Det blir så mykje enklare å forstå samanhengen når vi konkretiserer til å gjelde arbeidet vårt her og no. Eit eksempel er å snakk om kva kostar eit sårstell, korleis kan endringane påverke den enkelte sin kvardag? Vi må sette dei store spørsmåla inn dagsaktuelle ting, og snakke om detaljar rundt det dei står i til dagen. - Pasientane er alltid dei tilsette sitt hovudfokus, og då er det mi oppgåve som leiar å hjelpe dei å relatere endringane vi står i. I dette arbeidet er samarbeidet med avdelingsleiarane, tillitsvalde og verneombod avgjerande, seier Lene. 

Ein quiz vekker engasjement 

Vi har alle ulike behov for informasjon. Nokon kan aldri få nok, medan andre kan føle det fort blir for mykje. Her er det leiar si oppgåve å føle seg fram. Dessutan er det ein travel kvardag, og dei tilsette skal ha fokus på drifta. For mange er det avgrensa tid til å sjå over informasjon og lese e-post, informasjon på Innsio og anna informasjonsskriv.  - Pandemien har også gjort noko med oss. No når dei fleste fine samlingspunkta er borte såg eg at det var ekstra kjekt med ein julequiz, seier Lene. Tema for quizen var Bjørnafjorden 22. For å løyse oppgåvene måtte dei tilsette både leite fram informasjon på Innsio, i e-posten sin, i kvalitetssystemet og i lokalavisene. Når vi sett i gang konkurranseinstinktet vårt er vi også veldig mottakelege for å finlese informasjon og finne fram til dei rette hovudlinjene. Spørsmåla i quizen omhandla mellom anna organisering av sjølve prosjektet, informasjon i budsjettet, innhald i video frå kommunalsjef og spørsmål om viktige styringsdokument.  

 

  

 

 

 

Fleire rundar med omstilling

Dei tilsette på Fusa bu- og behandlingssenter er vand til endringar. Dei siste åra har det vore fleire større omstillingar som blant anna ombygging av sjukeheimen, nytt pasientregister, kommunesamanslåing, ein pandemi, Bjørnafjorden 22- og straks kjem også nytt pasientregister. - I tillegg til svært travle kvardagar, har god og tydeleg informasjon og leiing vore avgjerande for å halde det gode arbeidsmiljøet og motivasjonen oppe. Her bidreg avdelingsleiarar mykje, og saman er vi gode støttespelarar for kvarandre. Eg hadde aldri klart dette utan dei. Eg vil óg nytte anledninga til å skryte av dei dyktige tilsette som gjer ein enormt god jobb kvar einaste dag, avsluttar Lene.