Vi beklagar at alt ikkje er på plass enno....

Tekniske utfordringar gjer at du dessverre ikkje får opp telefonnummer når du søker etter tilsette i Bjørnafjorden kommune, berre e-postadresse. Ring sentralbordet på 56 57 50 00 for å bli sett over.
Nokre av søknadsskjemaa er heller ikkje på plass enno. Vi beklagar, og jobbar så raskt vi kan for å få alt til å fungere som det skal. Hastar det? Send ein e-post 

Bustadtilsyn og feiing

Kvifor treng vi feiing og tilsyn?

  • Brannvesenet sørger for feiing og tilsyn med fyringsanlegg.
  • Kor ofte ein skal feia blir fastsett ut frå behov, ut frå oppvarmingssystemet i bustaden og kor mykje sot det er i pipeløpet.
  • Målet er å redusera risiko for brann.
  • Feiing og tilsyn skal sikra bebuarar etter gjeldande lover og forskrifter.

Tilsyn med bustad

Ein i hushaldninga må vera heime ved tilsyn. Kan du ikkje vera heime, bør du avtala med nokon som kan sleppa oss inn. Personen må kjenna bustaden godt.

Har du bytta eldstad sidan sist, må dokumentasjon på utføring leggast fram.

Når vi kjem heim til deg, sjekkar vi røykvarslarar, sløkkeutstyr og rømmingsvegar. Vi sjekkar også om eldstad og skorstein har synlege feil eller manglar. Dårleg vedlikehald og feil montering av fyringsanlegg kan føra til helsefare og i verste fall brann. I tillegg kan vi gi deg råd i spørsmål om fyring, fyringsøkonomi og brannsikkerheit i heimen.

Etter besøket får du ein tilsynsrapport.

Når kjem feiaren?

Brannvesenet brukar sms, e-post og postvarsling. Du må sjekka at Folkeregisteret har riktige opplysningar om deg, ettersom varslingssystemet hentar opplysningane derfrå.

Dette må du hugsa før feiaren kjem

  • Steng sotluker og spjeld og sørg for at eldstaden er forsvarleg lukka. Sotluke må vera tilgjengeleg for inspeksjon.
  • Ved feiing frå tak må stige leggast fram.
  • Du må sørga for at feiaren kjem til og kan feia heile fyringsanlegget (skorstein, peis, eldstad, parafinomn, eventuelt anna anlegg).
  • Du må ikkje fyra den dagen det er tilsyn.
Til toppen