Vi beklagar at alt ikkje er på plass enno....

Tekniske utfordringar gjer at du dessverre ikkje får opp telefonnummer når du søker etter tilsette i Bjørnafjorden kommune, berre e-postadresse. Ring sentralbordet på 56 57 50 00 for å bli sett over.
Nokre av søknadsskjemaa er heller ikkje på plass enno. Vi beklagar, og jobbar så raskt vi kan for å få alt til å fungere som det skal. Hastar det? Send ein e-post 

Arbeidet med samfunnssikkerheit og beredskap i Bjørnafjorden kommune

Målet for dette arbeidet er at heile Bjørnafjorden kommune skal vera ein trygg og robust kommune å bu, arbeida og opphalda seg i. Dette arbeider vi med kontinuerleg.

For å greia å nå dette målet, driv vi førebyggande arbeid. Vi har beredskapsplanar og ein beredskapsorganisasjon for å handtera uønskte hendingar som oppstår. Beredskapsorganisasjonen øver regelmessig, slik at vi kan mobilisera så raskt og effektivt som mogleg ved ein krisesituasjon.

Kva uønskte hendingar kan skje i Bjørnafjorden kommune?

Planane våre bygger på vurderingar av risiko og sårbarheit i samfunnet vårt i dei to tidlegare kommunane Os og Fusa. Os sin overordna risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS-analyse) er frå 2017, Fusa sin frå 2015. Dei hendingane vi ser for oss kan skje i dei to gamle kommunane har vi no slått saman til KommuneROS Bjørnafjorden. 

Sjå 

Beredskapsplan

Sjå overordna beredskapsplan for Bjørnafjorden kommune (PDF, 645 kB)

Beredskapsorganisasjonen i Bjørnafjorden

Nødetatane våre - brann, politi og helse - rykker ut og tek seg av dei uønskte hendingane der dei skjer rundt omkring i kommunen. Dei utgjer det ordinære hjelpeapparatet vårt.

Kommunal kriseleiing - KKL

KKL blir etablert ved hendingar som krev meir enn ordinære rutinar og redningsteneste, som berører fleire område og krev samordning, som rammar kritiske funksjonar i samfunnet, som har store konsekvensar, og som skaper frykt eller bekymring i befolkninga.

KKL koordinerer og leiar kommunen sin innsats og har det strategiske ansvaret ved slik hendingar. KKL skal ivareta overordna interesser og sørga for at kommunen greier å oppretthalda drifta si på viktige område også i ein krisesituasjon.

KKL er organisert etter stabsmodell med faste roller og funksjonar: kriseleiar, nestleiar, skadestadskontakt, ansvarlege for personell, logistikk og informasjon, og ordførar. KKL blir leia av kommunedirektøren.

Psykososialt kriseteam

Psykososialt kriseteam skal sørga for oppfølging og støtte til menneske og lokalsamfunn som blir ramma av kriser og uønskte hendingar. Dei har òg ansvar for å bemanna pårørandetelefon, når det er behov for å oppretta det. 

Beredskapsråd

Bjørnafjorden beredskapsråd er eit samarbeidsorgan for kommunale og statlege myndigheiter, det private næringslivet og frivillige lag og organisasjonar. Rådet skal vera eit forum for informasjonsutveksling og for å klargjera ansvars- og rolledeling mellom eksterne samarbeidspartar og den kommunale kriseleiinga. Det blir leia av ordføraren.
 

Viktige telefonnummer

Nødtelefonar
Nødtelefonar
Nødtelefonar Telefon
Brann 110
Politi 112
Medisinsk nødhjelp 113
Legevakt 116 117
Psykososialt kriseteam 475 12 120
Vakthavande brannbefal/miljøberedskap 915 68 590
Politiet 02800
Beredskapsvakttelefon 915 68 590

 

Personar som er døve eller har nedsett høyrsel og/eller taleevne kan senda sms i ein nødsituasjon.
Les om den nye tenesta "Nød-sms" på Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredsskap (DSB) sine nettsider. 

Til toppen