Bustad

Kvifor treng du bustadtilsyn?

  • Førebyggande avdeling utfører bustadtilsyn for å auke brannsikkerheita og redusere risiko for brann i bustaden.
  • Kor ofte ein skal feie blir fastsett ut frå behov, ut frå oppvarmingssystemet i bustaden og kor mykje sot det er i skorsteinen.
  • Bustadtilsyn skal sikre bebuarar etter gjeldande lover og forskrifter.

Tilsyn med bustad

Du må vere heime når vi kjem på tilsyn, slik at du kan vise oss rundt i bustaden. Dersom du ikkje kna vere til stades sjølv, bør du avtale med nokon som kan sleppe oss inn. Personen må kjenne bustaden godt.

Dette sjekkar vi:

  • røykvarslarar, slokkeutstyr og rømningsvegar
  • om eldstad og skorstein har synlege feil eller manglar   
  • om det er behov for feiing, og om feiaren har tilgang til skorsteinen

I tillegg rettleiar vi deg i spørsmål om fyring og brannsikkerheit i heimen.

Etter besøket får du ein tilsynsrapport.

Til toppen