Branntryggleik i fritidsbustad

Alle bygg med fyringsanlegg er underlagt krav om feiing og tilsyn, inkludert hytter og fritidsbustadar (Forskrift om brannførebygging).

Bjørnafjorden brann og redning har ein feie- og tilsynsfrekvens for fritidsbustadar basert på kartlegging, på same måte som for bustadhus. Dette betyr at du må betale eit årleg basis gebyr for hytta/fritidsbustaden du eig.

Vi sender deg varsel om tilsyn på SMS og e-post. Varselet blir sendt i godt tid før tilsynet skal utførast.

Du må vere til stades når vi kjem på tilsyn, slik at du kan vise oss rundt i fritidsbusrtaden. Dersom du ikkje kan vere til stades sjølv, bør du avtale med nokon som kan sleppe oss inn. Personen må kjenne fritidsbustaden godt.

Dette sjekkar vi:

  • røykvarslarar, slokkeutstyr og rømningsvegar
  • om eldstad og skorstein har synlege feil eller manglar   
  • om det er behov for feiing og om feieran har tilgang til skorsteinen

I tillegg rettleiar vi deg i spørsmål om fyring og brannsikkerheit i heimen.
Etter besøket får du ein tilsynsrapport.

Feiing/tilsyn for fritidsbustad

Kva er bakgrunnen for ordninga?

Ny forskrift om brannforebygging, fastsett av Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap 17. desember 2015  med heimel i brann- og eksplosjonsvernlova.

§ 17 i denne forskrifta seier: «Kommunen skal sørge for at røykkanaler i fyringsanlegg som brukes til oppvarming av byggverk, blir feiet ved behov.» «Kommunen skal sørge for at det ved behov blir utført tilsyn med fyringsanlegg som brukes til oppvarming av byggverk.»

Må eg betale årleg uavhengig av om feiaren har vore der eller ikkje?

Ja, avgifta blir belasta årleg. Kor ofte ein skal feie blir fastsett ut frå behov, ut frå oppvarmingssystemet i bustaden og kor mykje sot det er i skorstein.

Må eg montere trinn eller plattform på taket?

I § 6 i forskrift om brannførebygging står det at "eieren skal sørge for at feieren har tilfredsstillende atkomst til hele fyringsanlegget".

Kva som er "tilfredsstillende atkomst" og kva for tiltak som eventuelt må på plass for kvar enkelt fritidsbustad, vil bli vurderte for kvart tilhøve.

Kan eg feie sjølv og sleppe å betale avgifta?

Nei. Feiing av fritidsbustadar er ei lovpålagt oppgåve for kommunen.

Eg har fått krav om å betale avgift, men fritidsbustaden min har ikkje eldstad. Kva gjer eg?

Fyll ut digitalt skjema Søknad om gebyrfritak 

Til toppen