Feiing/tilsyn for fritidsbustad

Hytter og fritidsbustadar var tidlegare unntatt lovpålagt feiing og tilsyn. Dette endra seg med forskrift om brannførebygging som kom i 2016. Kommunen sendte informasjon om dette til alle eigarar av fritidsbustadar i 2017.

No er alle bygg med fyringsanlegg underlagt krav om feiing og tilsyn, inkludert hytter og fritidsbustadar. Dette betyr at du må betale eit årleg gebyr for feiing og tilsyn for hytta/fritidsbustaden du eig.

Bjørnafjorden brann og redning har ein feie- og tilsynsfrekvens for fritidsbustadar basert på kartlegging, på same måte som for bustadhus.

Vi vil sende deg varsel om feiing og tilsyn på SMS. Dersom du ikkje har mobiltelefonnummer registrert, vil du få varsel per brev. Varselet blir sendt i godt tid før feiing og tilsyn skal utførast. Eigar eller representant for eigar må stille.

Feiing/tilsyn for fritidsbustad

Kva er bakgrunnen for ordninga?

Ny forskrift om brannforebygging, fastsett av Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap 17. desember 2015  med heimel i brann- og eksplosjonsvernlova.

§ 17 i denne forskrifta seier: «Kommunen skal sørge for at røykkanaler i fyringsanlegg som brukes til oppvarming av byggverk, blir feiet ved behov.» «Kommunen skal sørge for at det ved behov blir utført tilsyn med fyringsanlegg som brukes til oppvarming av byggverk.»

Må eg betale årleg uavhengig av om feiaren har vore der eller ikkje?

Ja, avgifta blir belaste årleg. Feiing og tilsyn etter behov vil seie at kvart fyringsanlegg må ha ei individuell vurdering, der feiar avgjer kor ofte det sjal vere feiing og tilsyn.

Er ikkje dette ein inntektsskatt til kommunen?

Nei. Feieavgifta er basert på sjølvkostprinsippet, det vil seie at du ikkje betalar meir enn det kostar å få tenesta levert (kontorarbeid, utstyr, tid, osb.) I Bjørnafjorden kommune er det førebels same pris for feiing av bustad og fritidsbustad. Dette blir evaluert kvart år og godkjent av kommunestyret. Feieavgifta blir fordelt på fire terminar per år. 

Du kan òg bestille månadleg faktura for kommunale gebyr.

Må eg montere trinn eller plattform på taket?

I § 6 i forskrift om brannførebygging står det at "eieren skal sørge for at feieren har tilfredsstillende atkomst til hele fyringsanlegget".

Kva som er "tilfredsstillende atkomst" og kva for tiltak som eventuelt må på plass for kvar enkelt fritidsbustad, vil bli vurderte for kvart tilhøve.

Korleis får eg varsel om feiing og tilsyn?

Vi vil sende deg varsel om feiing og tilsyn på SMS. Dersom du ikkje har mobiltelefonnummer registrert, vil du få varsel per brev. Varselet blir sendt i godt tid før feiing og tilsyn skal utførast.

Må eg vere til stades under feiing og tilsyn?

Ja, eigar eller representant for eigar må vere til stades under feiing/tilsyn.

Kan eg feie sjølv og sleppe å betale avgifta?

Nei. Feiing av fritidsbustadar er ei lovpålagt oppgåve for kommunen, difor er det nødvendig av vi utfører dette arbeidet. Det er ikkje tilstrekkeleg at du sjølv feier skorsteinen. Vi skal òg vurdere branntryggleiken i bygget (røykvarslar, sløkkemiddel, rømmingsveg, osb.)

Eg har fått krav om å betale avgift, men fritidsbustaden min har ikkje eldstad. Kva gjer eg?

Fyll ut digitalt skjema Søknad om gebyrfritak 

Til toppen