Melding om overnatting i lokale som ikkje er godkjend som overnattingsstad
Planlegg du overnatting i eit lokale som ikkje er godkjend som overnattingsstad, til dømes ein barnehage eller skule, må du melde frå til oss i god tid. Ansvarleg person må setje seg inn branninstruksen i det aktuelle bygget.
Desse opplysningane må vere med i meldinga:
- Namn på ansvarleg person
- Stad og adresse for overnattinga
- Dato og tidspunkt
- Tal på barn og vaksne
Melding om arrangement
Planlegg du eit arrangement i eit bygg eller område som ikkje normalt blir brukt til slike hendingar, må du melde frå til oss i god tid. Ansvarleg person må setje seg inn branninstruksen i det aktuelle bygget.
Desse opplysningane må vere med i meldinga:
- Namn på ansvarleg person
- Stad og adresse for arrangementet
- Dato og tidspunkt
- Kort skildring av type arrangement og om lag kor mange personar som vil møte
Melding om fakkeltog
Planlegg du å arrangere fakkeltog eller anna markering med faklar, må du melde frå til oss i god tid.
Desse opplysningane må vere med i meldinga:
- Namn på ansvarleg person
- Dato og tidspunkt
- Kva for trasé fakkeltoget vil følgje
- Formål med fakkeltoget
- Tal på deltakarar